Howard Zinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Howard Zinn, 2004

Howard Zinn (24. august 192227. januar 2010) var ein US-amerikansk historikar og statsvitar. Han har sidan 1960-talet vore ein markant forkjempar for borgerrettar og mot krig. I sitt virke er han inspirert av både marxisme, anarkisme, sosialisme og sosialdemokrati. Hans mest kjende bok, «A People's History of the United States» er gitt ut på norsk under tittelen «USA: Folkets historie: 1492 - i dag».

Samfunnskritikar og aktivist[endre | endre wikiteksten]

Zinn la i 1958 fram doktoravhandlinga si om kongressrepresentanten Fiorello H. LaGuardia. Men det var som politisk aktivist han skulle verte kjent. I 1963 vart han oppsagt frå undervisningsstillinga si på Spelman College ved Atlanta University Center, etter å ha støtta eit studentopprør mot collegets filosofi om å utdanne «unge fruer». I 1964 begynte han ved Boston University der han vart aktiv i motstanden mot Vietnamkrigen. Zinn hadde krigserfaring frå 2. verdskrigen og hadde sjølv vore med første gong napalm vart brukt, og visste derfor at napalm drep ikkje berre soldatar, men òg sivile. Han har sagt at denne erfaringa har fått han til å stille spørsmål til andre tilfelle av bombing av sivile mål, som i Dresden, Hiroshima og Nagasaki.

I 1968 besøkte han Hanoi og hjelpte til med å få sett fri dei første tre US-amerikanske krigsfangane. Saman med Daniel Ellsberg og Noam Chomsky offentleggjorde han i 1971 hemmelegstempla dokument om dei diplomatiske relasjonane mellom USA og Vietnam i tida etter 1945. Zinn har i alle år sidan vore ein av de fremste US-amerikanske ekspertane på Vietnamkrigen. I tråd med dette har han kritisert amerikanskleia krigføring i Jugoslavia, Afghanistan og Irak.

Historikar[endre | endre wikiteksten]

Zinn er i dag mest kjend for «A People's History of the United States», ei bok som er seld i over ein million eksemplar i USA. I motsetning til tradisjonell US-amerikansk historieskriving ser Zinn utviklinga frå dei undertrykte si side, frå Columbus og dei første kolonialistane sine forsøk på utrydde urbefolkninga, via slavehandelen og dei uverdige tilhøva som US-amerikanske arbeidarar har levd under, til borgerrettar og krigsmotstand.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Zinn har gitt ut fleire verbalplater, samt ei plate i lag med bandet Resident Genius. Han har òg forfatta skodespel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]