Howth Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Howth Head

Howth Head (Ceann Binn Éadairirsk) er eit nes nord for Dublin i Republikken Irland, nær bydelane Baldoyle og Portmarnock. Sutton ligg ved inngangen til neset og på delar av sørsida, og sjølve Howth ligg på nordsida.

Opphavleg var neset ei øy og er i dag forbunde til fastlandet via ei smal landstripe eller tombolo. Howth Head dannar den nordleg grensa av den store halvmåneforma til Dublin Bay, og ligg på motsett side for Killiney Head i sør.

Neset vart først nemnd på kart av Klaudios Ptolemaios, der det vart kalla Edri Deserta er Edrou Heremosgresk. Her var neset avmerkt som ei øy, men ein er usikker på om dette kjem av neset faktisk var ei øy eller unøyaktig informasjon.

Neset er ein av dei nordlege endestasjonane for hurtigtransportsystemet Dublin Area Rapid Transit (DART), så Howth er ein popuær stad for dagsturar frå hovudstaden. Mange har den gamle steinrøysa på toppen av Howth som mål, der ein på klåre dagar kan sjå Wicklowfjella med Dublin nedanfor. Slieve Donard, ein 852 meter høg topp i Nord-Irland er óg synleg, ein avstand på om lag 90 km. Ganske ofte kan ein sjå Snowdon (1 085 m) i Snowdonia nasjonalpark i Wales - ein avstand på 138 km.

Howth Head er staden der Leopold Bloom frir til Molly i James Joyce sin roman Ulysses.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]