Huánuco-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perú Huánuco.png

Huánuco-regionen (spansk Región Huánuco, quechua Wunuku suyu) er ein region i det sentrale Andes i Peru. Han har grenser mot La Libertad, San Martín og Loreto i nord, mot Ucayali i nord og aust, mot Pasco-regionen i sør og mot Lima-regionen og Ancash-regionen i vest.

Huánuco-regionen er på 36 887 km² og har 776 727 innbyggjarar (2000). Regionhovudstaden er Huánuco.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen ligg aust for vasskiljet, elvene her drenerer nordaust mot regnskogen i Amazonas. Medan dei største areala av Huánuco ligg i fjellområde og høg jungel, har Puerto Inca-provinsen lengst i aust tropisk regnskog med den lågtliggande Pacheteadalen, kor botnen med Pacheteafloden ligg på under 200 moh. Andre viktige elver Huallaga og Marañón. Høgste fjella er snødekte: Yarupajá (6617 moh.), Stula Grande (6344 moh.) og Jirishjanca (6094 moh.). Vegen mellom provinshovudstaden La Unión i Dos de Mayo-provinsen og kystbyen Barranca i Ancash-regionen går gjennom passet Abra Yanashalla på 4720 moh.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Variasjon i klima og økosystem gjer at potensialet for eit differensiert jordbruk er stort, her er store kaffiplantasjar, te, potet, mais, bananar, appelsinar, yucca og kveite er andre viktige jordbruksprodukt i regionen. I tropiske dalar vert kokabusken kultivert for produksjon av kokablad. Her er dyrehald av gris og sau og skogbruket og turismen er næringar i vekst. Gruveverksemda tek ut sølv, sink, bly og kopar. Her finst og døme på akvakultur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Lauricochahola er dei eldste menneskeskjelett funnen i Peru, datert tilbake til ca år 8000–10 000 f.Kr. El Hombre de Lauricocha frå hola var samlar og jeger og let etter seg holemåleri. Kotosh, mindre enn 20 kilometer frå byen Huánuco, har nokre av dei eldste spor av busettingar i Amerika frå kring år 4500 f.Kr. Her finst keramikk og el Templo de las Manos Cruzadas, eit monumentalt bygg. Hovudvegen mellom Cuzco og Cajamarca gjekk gjennom regionen og dei opphavlege kulturar og etniske grupper i regionen vart assimilert i inkariket, Yarohuilca var ei statsdanning som først gjorde sterk motstand mot inkaene.

Byen Huánuco vart tufta av spanjolar i 1539. Då frigjeringsprosessen starta tidleg på 1800-talet, blei Huánuco ein av dei første byane som argumenterte for eit sjølvstendig Peru. Byen erklærde sjølvstende den 15. desember, 1820.

Daniel Alomía Robles som komponerte «El Cóndor Pasa» kom frå denne regionen.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i 11 provinsar som igjen er delt inn i til saman 75 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

  • Ambo (Ambo)
  • Dos de Mayo (La Unión)
  • Huacaybamba (Huacaybamba)
  • Huamalíes (Llata)
  • Huánuco (Huánuco)
  • Lauricocha (Jesús)
  • Leoncio (Tingo María)
  • Marañón (Huacrachuco)
  • Pachitea (Panao)
  • Puerto Inca (Puerto Inca)
  • Yarowilca (Chavinillo)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tilsvarande Wikipedia-artiklar på svensk, spansk, tysk og engelsk.


Flag of Peru (state).svg Regionar i Peru Flag of Peru (state).svg
Amazonas | Ancash | Apurímac | Arequipa | Ayacucho | Cajamarca | Callao | Cuzco | Huancavelica | Huánuco | Ica | Junín | La Libertad | Lambayeque | Lima metropol |Lima | Loreto |
Madre de Dios | Moquequa | Pasco | Piura | Puno | San Martín | Tacna | Tumbes | Ucayali