Huáscar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Waskar.

Huáscar (quechua Waskar, 'waskar, 'kjede' eller 'tau'), ca. 1500–1532, var den siste legitime inkaen som regjerte i inkariket. Han var nummer to i arverekkja etter Ninan Cuyuchi. Men Cuyuchi døydde omtrent samstundes som faren, inka Huayna Cápac ca. 1525.[1] Etter det vart Huáscar utnemnt og krona til inka med sete i Cuzco. I førstninga delte han riket med halvbroren Atahualpa som var de facto herskar i nordriket, men seinare braut det ut borgarkrig mellom dei to fraksjonane. I eit endeleg slag utanfor Cuzco i 1532 sigra Atahualpa sine styrkar og Huáscar vart fanga. Seint i 1532 vart han myrda etter ordre frå Atahualpa som sjølv var fange hos Francisco Pizarro i Cajamarca.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hemming, John: The Conquest of the Incas, Macmillan (1970),
    side 30: «His army and court were struck by a violent epedemic that killed Huayna Cápac,…, at some time between 1525 and 1527.»