Huai'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huai'an (gul) i Jiangsu

Huai'an (kinesisk skrift 淮安; pinyin Huái'ān) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu i Kina, nordvest for dei sentrale delane av provinsen. I sør grensar Huai'an mot provinsen Anhui. Prefekturet har eit areal på 10 132 km² og 4 799 889 innbyggjarar i 2010. Av desse bur 2 494 013 i byområde.

Huai'an ligg kring sørbreidda og austbreidda av innsjøen Hongze.

Byprefekturet Hui'an omfattar fire distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Qingliangangkulturen oppstod i dette området for ei 5 000 år sidan. Byen Huai'an si historie går over 2 200 år tilbake.

Zhou Enlai var frå Huai'an.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs fører den innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou i Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]