Huai He

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grensa mellom Song-dynastiet og Jin-dynastiet går på dette kartet langs Huai He, etter at jursjenarane hadde erobra det nordlege Kina i 1127.

Huai He (kin. 淮河, trad. 淮河; pinyin Huái Hé) er ei elv i Kina omtrent midtvegs mellom dei to største elvane i landet, Huang He i nord og Chang Jiang i sør. I tidlegare tider rann Haui He frå vest til aust og ut i Austkinahavet. I dag er elveløpet endra, grunna avleiringar. Store skadeflaumar i kringliggjande område er ei fylgje av dette. Elva er 1 078 km lang, og ho har eit nedslagsfelt på 174 000 km².

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Det historiske løpet til Huai He gjekk nokså beint ut til kysten i den nordlege delen av provinsen Jiangsu. I 1194 braut Huang He ut av elveleiet sitt og grov seg nytt løp sørover og over til nedre del av Huai He sitt elveløp. Derifrå rann elvane saman ut i havet, langs Huai He sitt elveleie. Huang He førte med seg mykje slam som sedimenterte seg og demde opp dette nedre elveleiet. I 1850-åra rann dermed Huang He tilbake til sitt opphavlege nedre leie, etter eit opphald på nærare 700 år. Men frå 1897 var Huai He ikkje lenger i stand til åleine å følgje det historiske leiet sitt ned til kysten. Vatnet demde seg opp i innsjøen Hongze, og derfrå tok det nytt leie i sørleg retning og ned i Chang Jiang.

I Huai He ligg Fozilingdemninga og -reservoaret frå 1954, bygt på ordre frå Mao Zedong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]