Huallaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Huallaga
Ein ferjestad ved Huallaga

Huallaga (òg kjent som Guallaga og Rio de los Motilones) er ei elv i Peru med utlaup i Amazonaselva. Dei fjernaste kjeldene til Huallaga ligg i høglandet nord for regionhovudstaden Cerro de Pasco i Pasco-regionen. Herfrå passerer elva Huánuco og renn vidare nordover aust for Cordillera Central og vest for Ucayali til ho dreier aust og sluttar seg til Marañón ca. 300 kilometer vest for Iquitos.

I store delar av strekninga ned frå høglandet i Andes har elva intense straumar med fleire elvegjel. Ho har 42 stryk, ei siste hindring er Pongo de Aguirre, som har namn etter den opprørske conquistadoren Lope de Aguirre som passerte her. Herifrå og vidare ned til byen Yurimaguas i Loreto-regionen følgjer ho eit dalføre i ein u-form og frå Yurimaguas kan større elvebåtar (lanchas) ferdast på Huallaga ned til Marañónelva og Iquitos.

I låglandet mellom Huallaga og Ucayali ligg det namngjetne Pampa del Sacramento med steinlause avleiringar dekt av tjukk mørk skog, gjennomtrengt av mange mindre elver som kan navigerast med kano. Kristne misjonærar gjekk inn i området i 1726. Området er kring 400 km langt med vekslande breidde frå 60 til 160 kilometer. Framleis finst små grupper av amerikanske urfolk i området som Cocama-Cocamilla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]