Huangelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huangelva
Huang He
elv
Offisielt namn: 黄河, Huáng Hé
Land  Kina
Nedslagsfelt 752 000 km²
Lengd 5 464 km
Middelvassføring 32 852 096 /s
Munning Bohaibukta i Gulehavet
Kart
Huangelva
36°7′27″ N 116°5′52″ E
Wikimedia Commons: Yellow River

Huangelva, Huang He ('Gul elv') er den nest lengste elva i Kina etter Chang Jiang. Ho renn gjennom provinsane Qinghai, Gansu, Indre Mongolia og Shandong og ut i Bohaibukta. Elva er den 8. største i Kina når det gjeld vassføring.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Huangelva har kjeldene sine i det tibetanske høglandet. Som hovudkjelde reknar ein Karelva (Kar Qu) som renn langs nordskråninga av Bayanharfjella (Bāyánkālā Shānmài) i Qinghai. Huangelva renn ut av Qinghai i nordaustleg retning gjennom Gansu, gjer ein lang boge mot nord til Indre Mongolia rundt Ordos-platået, renn så sørover igjen gjennom tronge juv og tek imot elvane Fen He frå nordaust og Wei He frå vest. Ho bøyer så mot aust, passerer nord for Taifjellet (Tai Shan) i Shandong før ho munnar ut i Bohaibukta.

Sattellittbilde av elvedeltaet i 2010.

Huangelva renn gjennom tørre strøk, og middelvassføringa er difor lita, men ho kan ha store flaumar etter monsunregnet. Elveløpet går gjennom strekningar dekte av løss, som lett blir slipt ned og ført med som slam. Dette gjev elva gulfargen som har gjort at ho blir kalla Den gule elva. Slammet blir lagt opp i det veldige elvedeltaet som byrjar ved Kaifeng, 500 km før utløpet. I deltaet er løpet lite stabilt. Elveleiet er inngjerda av dike som er opp til 10 m høge, men desse blir ikkje sjeldan brote ved flaum. Flaumar kan òg grava ut nye kanalar, og elva har skifta løp fleire gonger. Før 1300 gjekk ho omtrent som no, men forandra så løp og munna ut sør for Shandong i 500 år, til 1853, då ho igjen tok det nordlege løpet. I 1938 og 1947 vart løpet omdirigert.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av elva frå Qing-tida.

Området kring den nedre delen til elva og bielva Wei blir rekna som fødestad for den kinesiske sivilisasjonen. Flaumfaren gjorde at elva tidlegare blei kalla «Kinas svøpe». Under ein flaum i 1931 skal 3,7 millionar menneske ha mista livet.

Huangelva har lita tyding for samferdsla, men avgjerande tyding for jordbruket i Nord-Kina. Store damanlegg og kanalbygging har redusert flaumkatastrofane og utvida dei irrigerte områda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Huang He» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Huangelva