Huayna Picchu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huayna Picchu frå eit Machu Picchu-bilete.
Foto: Allard Schmidt, Nederland

Huayna Picchu, ofte skrive Wayna Pikchu,[1][2] er eit fjell ved ruinbyen Machu Picchu i Peru. Namnet tyder «det unge fjellet». Fjellet dannar ein kulisse på mange bilete frå Machu Picchu og kan vere av dei mest fotograferte fjella i Sør-Amerika.

Toppen av fjellet ligg på 2667 moh.[3] og fjellformasjonen reiser seg bratt meir enn 500 meter opp frå Urubambadalen, og ca. 160 meter opp frå ruinområdet i Machu Picchu. Urubambadalen med elva slynger seg meir enn 180 grader rundt Huayna Picchu i ein U-form med svært bratte dalsider, noko som er med på å skape det dramatiske landskapet som kjem fram på mange bilete av Machu Picchu.

Det såkalla «månetemplet» ved Machu Picchu har truleg hatt ein viktig funksjon for byen då han var i bruk. Tempelet ligg på baksida og nordsida av Huayna Picchu og er ei grotte i fjellet. Innanfor opninga finst mura jukseveggar av hus med vindauge og dører og eit alter for ritual. Arbeidet er gjort i typisk inkaarkitektonisk stil. Det ligg andre ruiner rett ved tempelet og dette er ein av fleire stadar i fjellsida kort det er gjort arkeologiske funn. Ein kjenner ikkje det opphavlege namnet på templet og det er lite truleg at dette templet har hatt noko med månedyrking å gjere.

Det er mogleg å gå frå ruinområde i Machu Picchu rundt Huayna Picchu til «månetemplet» på ein forseggjort sti frå inkatida i den bratte fjellsida. Delar av stien er forseggjorte trappetrinn hogd ut i fjellet. Ein kan òg gå til «månetemplet» over toppen av Huayna Picchu langs ein sikksakksti ved sørkanten av fjellet som vender mot Machu Picchu, og ned på nordsida. Då får ein sett Machu Picchu frå fugleperspektiv på vegen samt eit oversyn over Urubambadalen som slynger seg rundt fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Teofilo Laime Ajacopa, Diccionario Bilingüe Iskay simipi yuyayk'ancha, La Paz, 2007 (Quechua-Spanish dictionary): wayna - adj. s. m. Joven. Hombre que está en la juventud. pikchu - s. Pirámide. Sólido puntiagudo de varias caras. || Cono. Ch'utu.
  2. Diccionario Quechua - Español - Quechua, Academía Mayor de la Lengua Quechua, Gobierno Regional Cusco, Cusco 2005: wayna - s. Joven, mozo, adolescente, hombre de 18 a 30 años. SINÓN; q'aqo. pikchu - s. Geog. Pirámide. Cerro o prominencia de base ancha que termina en puntas afiladas. Waynapikchu - s. Arqueol. (Cerro o pico joven) Grupo arqueológico ubicado en la cresta del cerro del mismo nombre, ... Waynapikchu - s. Zool. (Oncideres poecila Bates) Escarabajo serruchador. Orden coleóptera. Familia cerambyeidae. Escarabajos pequeños o grandes, aplanados o cilíndricos con antenas largas, pinzas bucales poderosas que cortan ramas de naranjos, paltos y cacaoteros. || Bot. (Galactia speciosa) Planta herbácea de la zona de ceja de selva.
  3. http://www.enjoy-machu-picchu.org/machu-picchu-surroundings-machu-picchu.php