Huayna Picchu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 28. februar 2010 kl. 00:42 av TXiKiBoT (diskusjon | bidrag) (robot la til: ka:უაინა-პიქჩუ)
Huayna Picchu frå eit Machu Picchu-bilete.
Foto: Allard Schmidt, Nederland

Huayna Picchu, ofte skrive Wayna Picchu er eit fjell ved ruinbyen Machu Picchu i Peru. Namnet tyder «det unge fjellet». Fjellet dannar ein kulisse på mange bilete frå Machu Picchu og kan vere av dei mest fotograferte fjell i Sør-Amerika.

Toppen av fjellet ligg på 2667 moh. [1] og fjellformasjonen reiser seg bratt meir enn 500 meter opp frå Urubambadalen, og ca 160 meter opp frå ruinområdet i Machu Picchu. Urubambadalen med elva slynger seg meir enn 180 grader rundt Huayna Picchu i ein U-form med svært bratte dalsider, noko som er med på å skape det dramatiske landskapet som kjem fram på mange bilete av Machu Picchu.

Det såkalla «månetemplet» ved Machu Picchu har truleg hatt ein viktig funksjon for byen då han var i bruk. Tempelet ligg på baksida og nordsida av Huayna Picchu og er ei grotte i fjellet. Innanfor opninga finst mura jukseveggar av hus med vindauge og dører og eit alter for ritual. Arbeidet er gjort i typisk inkaarkitektonisk stil. Det ligg andre ruiner rett ved tempelet og dette er ein av fleire stadar i fjellsida kort det er gjort arkeologiske funn. Ein kjenner ikkje det opphavelege namnet på templet og det er lite truleg at dette templet har hatt noko med månedyrking å gjere.

Det er mulig å gå frå ruinområde i Machu Picchu rundt Huayna Picchu til «månetemplet» på ein forseggjort sti frå inkatida i den bratte fjellsida. Delar av stien er forseggjorte trappetrinn hogd ut i fjellet. Ein kan òg gå til «månetemplet» over toppen av Huayna Picchu langs ein sikksakksti ved sørkanten av fjellet som vender mot Machu Picchu, og ned på nordsida. Då får ein sett Machu Picchu frå fugleperspektiv på vegen samt eit oversyn over Urubambadalen som slynger seg rundt fjellet.

Kjelder