Huaynaputina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huaynaputina
Waynaputina
Høgd over havet 4850 moh[1]
Ligg i/på Flag of Peru.svg Peru
Fjellkjede Andesfjella
Koordinatar 16°36′30″S 70°51′00″W
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot 1600

Huaynaputina (quechua Waynaputina) er ein stratovulkan som ligg i det vulkanske høglandet sør i Peru. Vulkanen kan ikkje identifiserast som eit eige fjell, men har i staden form som eit stort vulkankrater. Han har produsert høg-kaliumhaldig andesitt og dasitt.[2] Den 19. februar 1600 eksploderte vulkanen katastrofalt (vulkaneksplosivitetsindeks eller VEI 6) i det som var den største vulkaneksplosjonen i Sør-Amerika i historisk tid. Utbrotet heldt fram med ei rekkje hendinga fram til mars. Ei skildring av hendinga er fortalt i Fray Antonio Vazquez de Espinosa sin Compendio y Descripción de las Indias som vart omsett til engelsk som Compendium and description of the West Indies i 1942.

Effektar i regionen[endre | endre wikiteksten]

Då Huaynaputina eksploderte produserte han om lag 30 kubikkilometer med tefra[1] og pyroklastiske straumar raste 13 km austover og søraustover, samt at laharar – vulkanske gjørmestrøymar – øydela fleire landsbyar og nådde kysten av Stillehavet, 120 km unna.[1] Utbrotet starta med ei plinisk røykfane som strekte seg inn i stratosfæren og oskefallet og dei tilhøyrande jordskjelva skapte store øydeleggingar i storbyane Arequipa (70 km mot vest) og Moquegua.

Oskefall vart rapportert 250–500 km unna, gjennom heile det sørlege Peru og det som i dag er det nordlege Chile og vestlege Bolivia. Oskelaget dannar i dag eit nyttig stratigrafisk grenselag gjennom heile Peru.[3]

Det tok jordbruksnæringa i regionen 150 år for å kome seg på fote att.[1]

Globale effektar[endre | endre wikiteksten]

Russland[endre | endre wikiteksten]

Eksplosjonen hadde effekt på klimaet på den nordlege halvkula (på den sørlege halvkula har ein få rapportar), der 1601 var det kaldaste året på seks hundreår, noko som førte til hungersnaud i Russland, den russiske hungersnauda 1601-1603.[4]

Elles i Europa[endre | endre wikiteksten]

I Estland, Sveits og Latvia var det særs kalde vintrar i 1600-1602; i 1601 i Frankrike der innhaustinga av vindruer kom seint. I tillegg kollapsa vinproduksjon i Tyskland og i Peru.[5]

Asia[endre | endre wikiteksten]

I Japan fraus Suwasjøen til tidlegare enn han hadde gjort på 500 år. I Kina blømde ferskentrea seint.[5]

Grønland[endre | endre wikiteksten]

Grønland er det i iskjernene funne svovelsyre innhald som var høgare enn etter Krakatau-utbrotet i 1883.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]