Hubert Wilkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Ben Eielson og Hubert Wilkins

Sir George Hubert Wilkins (31. oktober 188830. november 1958) var ein australsk polarforskar, flygar, flyfotograf og oppdagar.

Livshistorie[endre | endre wikiteksten]

Wilkins vart fødd i Hallett i Sør-Australia, som den siste av 13 born i ein innvandrar/pionerfamile der faren dreiv ein sauefarm. Som tenåring flytta han til Adelaide, der han fekk jobb som kinomaskinist ved eit reisande kinoteater. Seinare kom han seg til England, der han byrja å arbeide som filmfotograf og vart vart ein pioner på flyfotografering. Kunnskapane hans om fotografering førte han inn på den banen som skulle bli livsverket hans, polarekspedisjonar og polarforsking. Først som deltakar, og seinare som leiar for eigne ekspedisjonar.

Den 22. april 1928, berre eit år etter atlanterhavsflyginga til Charles Lindbergh, flydde Wilkins og flygaren ahns Carl Ben Eielson over Nordishavet frå Point Barrow i Alaska, til Spitsbergen, langs Grant Land og Ellesmere Island. For denne bragda vart han adla og kunne frå no av setje Sir føre namnet sitt.

I kjølvatnet av den store merksemda han fekk ved heimkomsten til New York, gifta han seg med den australske skodespelaren Suzanne Bennett.

Med økonomisk støtte av William Randolph Hearst fortsette Wilkins polarekspedisjonane sine, denne gongen i Antarktis. På den australske halvøya namnsette han Hearst Land etter sponsoren sin, og Hearst takka tilbake ved å invitere han og Suzanne på ei bryllaupsreise jorda rundt med Luftskipet «Graf Zeppelin».

Wilkins leia ein mislukka ekspedisjon sommaren 1932 som skulle ta seg fram under under isen til Nordpolen med ein amerikansk ubåt frå første verdskrigen. Denne hadde han gjeve namnet Nautilus. Trass i at han ikkje gjennomførde turen som planlagt, så hadde han bana vegen for seinare ekspedisjonar under isen i Polhavet, noko som skjedde då den amerikanske marinen sin atomubåt USS «Nautilus» kryssa Nordishavet under isen i 1958.

Etter Wilkins døydde 30. november 1958 tok atomubåten USS «Skate», den første som braut gjennom isen på Nordpolen 17. mars 1959, oska hans og strødde ho over Polhavet.

Wilkins isbrem og Wilkinssundet er begge kalla opp etter han.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1928 Flying the Arctic
  • 1928 Undiscovered Australia
  • 1931 Under The North Pole

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hubert Wilkins» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2012.
  • Thomas, Lowell Sir Hubert Wilkins: His World of Adventure McGraw-Hill 1961.
  • Nasht, Simon The Last Explorer: Hubert Wilkins Australia’s Unknown Hero Hachette 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]