Hubert de Brienne de Conflans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubert de Brienne de Conflans
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1690
Paris
Død

27. januar 1777 (86 år)
Paris

Yrke kolonitjenestemann
Språk fransk

Hubert de Brienne de Conflans (fødd 1690 i Paris, død 27. januar 1777 i Paris) var ein fransk skipskommandør.

Han var son av Henri Jacob marquis de Conflans og Marie du Bouchet, og 15 år gammal vart han riddar i St. Lasarus-ordenen og året etter gjekk han inn på Gardes de la Marine-skulen i Brest. Han tente i den spanske arvefølgjekrigen under Duquesne-Guitton (frå 1708 til 1709) og Duguay-Trouin (1710). Her var han med å erobra eit engelsk fartøy og eit portugisisk handelsskip.

I 1712 vart han fenrik og deltok i operasjonar mot sjørøvarar i Karibia og kysten av Marokko. I 1721 vart han send på oppdrag til Konstantinopel og i 1723 langs kysten av Saint-Domingue.

Han vart løytnant i 1727 og deltok i kampar i Middelhavet. I 1731 tente han som løytnant i gardes de la Marine i Rochefort. Året etter vart han riddar i St. Louis-ordenen og frå 1733 til 1734 kommanderte han ein flotilje som følgde transportskip til Cayenne og Martinique. Same året vart han forfremma til kaptein og tente igjen under Duguay Trouin og så under marquis d'Antin under den polske arvefølgjekrigen.

I 1741 kommanderte han gardes de la Marine-skulen i Brest, der han hadde starta karrieren sin. Etter kvart fekk han kommandoen over skipet «Content» og kapra det engelske fartøyet HMS «Northumberland» den 8. mai 1744. Ombord på «Terrible» eskorterte han konvoiar over Atlanteren og i 1746 tok han HMS «Severn».

I 1747 vart han generalguvernør på Saint-Domingue, men på reisa for å starte dette embetet vart skipet hans angripe av engelskmennene og han vart skadd og fanga. Han vart først sleppt fri i 1748 med Aix la Chapelle-traktaten, då han vart «chef d'escadre», ei rolle han hadde til 1751. I 1752 vart han generalløytnant i marinen.

Sjuårskrigen og slaget ved Quiberonbukta[endre | endre wikiteksten]

I 1756 vart han viseadmira i Ponant (som om lag tilsvara Atlanterhavsflåten). I 1758 gjorde kong Ludvig XV gjorde han marskalk av Frankrike som løn for tenesta hans.

Under sjuårskrigen i 1759 fekk han ansvaret for å føre over troppar til Skottland for ein invasjon av England. Conflans var ikkje samd med sine overordna om desse planane og frykta kamp mot den britiske flåten under admiral Edward Hawke. Flåten vart samla i Morbihanbukta og det var frå her Conflans skulle eskortere transportskipa over til Skottland. Han måtte først fjerne divisjonen til kommandant Robert Duff som hadde kom til området. Hawke vart råka av uvêr og måtte oppheve blokkaden av Brest den 14. november og Conflans kom seg ut med skipa sine.

Havstraumane gjorde at Conflans kom bort frå den opphavlege ruta si og fekk ikkje syne av Belle-Île før den 20. november. I mellomtida hadde Hawke vorte åtvara om at Conflans hadde drege frå land og flytta flåten sin for å skjere han av. I uroleg sjø oppdaga Conflans divisjonen til Duff og sette etter han. Då det såg ut til at Conflans var i ferd med å slå Duff, dukka Hawke opp i horisonten. Conflans valde å vende attende til Quiberonbukta, som var farleg og ukjend farvatn for Hawke. Hawke gav seg likevel ut i kamp og øydela to franske fartøy, og tvinga to andre skip til å overgje seg. Mørket senka seg og dei to flåtane ankra opp. I løpet av natta rende likevel flaggskipet til Conflans, «Soleil-Royal», på grunn, berre nokre får kabellengder frå den engelske flåten. Ved daggry skjønte Conflans faren han var i og segla over til det franske fartøyet «Héros». Han sette så flaggskipet sitt i brann etter å ha gått frå borde.

Då Conflans kom attende til Brest, måtte han både forklare nederlaget og at han sette flaggskipet sitt i brann. Valet om å dra til Quiberonbukta vart kritisert, fordi han ikkje rekna Hawke som så dristig som han var. Kvifor han valde å forlate flaggskipet sitt er ikkje kjend, og han vart klandra for dette.

I skam vendte han attende til Paris, der han døydde i 1777. Embetet som viseadmiral av Ponant vart gjeven til fyrsten av Bauffremont, underoffiseren hans i Quiberonbukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]