Hudson's Bay Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Compagnie de la Baie d' Hudson i Montreal, Canada.

Hudson's Bay Company (HBC) er det eldste aksjeselskapet i Canada (og Nord-Amerika). Det vart oppretta 2. mai 1670 og er dermed òg eit av dei eldste i verda, som framleis er aktivt.

Frå det mangeårige hovudkvarteret i York Factory ved Hudsonbukta kontrollerte selskapet i fleire hundre år pelshandelen i store delar av britisk-kontrollerte Nord-Amerika. Det fungerte som ei «de facto-regjering i mange område på kontinentet, før dei første busetjingane i større stil vart etablert.

Selskapet sine oppkjøparar og pelsjegerar kom tidleg i kontakt med mange grupper av indianarar, og nettverka til selskapet av handelsstasjonar utgjorde grunnstamma for dei seinare offisielle styresmaktene i store delar av det vestlege Canada og USA (før USA vart eit land og etterpå). På slutten av 1800-talet vart det enorme territoriet selskapet kontrollerte brorparten av det nydanna Dominion of Canada, der selskapet var den største private landeigaren. Med nedgangen av pelshandelen utvikla selskapet seg til ei merkantil verksemd, som selde livsviktige varer til busetjarane i det vestlege Canada. I dag er selskapet best kjent for varehuskjeda si i Canada.

Hovudkontoret vart i 1970 flytta frå London til Winnipeg, og sidan til Toronto. Omsetnaden er kring 5 milliardar amerikanske dollar med kring 70 000 tilsette (2004).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hudson's Bay Company vart stifta i 1670 som eit britisk selskap med handelsmonopol i dei områda av Nord-Amerika med elvar som munnar ut i Hudson Bay. Her fekk selskapet òg utstrekt styringsrett. Føremålet var først og fremst å drive pelshandel. Fram til 1760 måtte selskapet utkjempe harde stridar med franskmennene. I 1821 vart den store konkurrenten, North West Company, innlemma, og i dei næraste tiåra tok selskapet ei dominerande stilling i størstedelen av Canada. Det spelte i stor rolle i tvistane mellom USA og Storbritannia om den amerikansk-kanadiske grensa. I 1869 måtte selskapet derimot avstå dei gjenverande territoriale rettane sine til det nyoppretta Dominion of Canada, og det fortsette som eit vanleg handelsselskap. Selskapet var i lang tid dominerande innan pelshandel i verda. Frå 1970-åra starta eller overtok selskapet fleire varehuskjeder, og i 1980-åra avslutta det pelshandelen sin, samt olje- og gassverksemda som dei hadde starta i 1920-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hudson's Bay Company

Kjelder[endre | endre wikiteksten]