Hudsonbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°N 85°W

Hudsonbukta i Canada

Hudsonbukta (inuktitut Kangiqsualuk ilua,[1] fransk baie d'Hudson, engelsk Hudson Bay) er ei stor bukt nordaust i Canada. Bukta har eit særs stort nedslagsfelt, om lag 4 041 400 km²,[2] som omfattar delar av Ontario, Quebec, Saskatchewan, Alberta, det meste av Manitoba, det søraustlege Nunavut, samt delar av Nord-Dakota, Sør-Dakota, Minnesota og Montana. Den sørlege armen av Hudsonbukta vert kalla James Bay.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hudsonbukta dekkjer eit område på 1 230 000 km², og er dermed den nest største bukta i verda etter Bengalbukta). Bukta er relativt grunn og vert rekna som ein epikontinental sjø, med ei middeldjupne på om lag 100 m (samanlikna med 2600 meter i Bengalbukta). Ho er om lag 1370 km lang og 1050 km brei.[3] I aust har ho utløp mot Atlanterhavet via Hudsonsundet, i nord til Nordishavet via Foxesjøen (som ikkje vert rekna som ein del av bukta) og Fury- og Heclasundet. Bukta strekkjer seg frå 78° til 95 °W og frå 51º til 70 °N.

Hudsonbukta er ein del av Nord-Atlanteren.[4][5][6][7] Somme skildrar Hudsonbukta som eit randhav til Atlanterhavet,[8] eller Nordishavet[9]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Canada, rutene til utforskarane, 1497 til 1905

Engelske oppdagarar og kolonistar kalla Hudsonbukta opp etter Henry Hudson, som utforska bukta frå 2. august 1610, med skipet hans «Discovery».[10]:170 På den fjerde reisa si til Nord-Amerika, segla Hudson rundt vestkysten av Grønland og inn i bukta, og kartla mykje av austkysten. «Discovery» vart fanga i isen over vinteren og mannskapet overlevde på land heilt sør i James Bay. Då isen smelta på våren ønskte Hudson å utforske resten av området, men mannskapet gjorde mytteri den 22. juni 1611. Dei forlet Hudson og nokre andre drivande i ein liten båt. Ingen kjenner lagnaden til Hudson og mannskapet hans som stranda med han, men historikarar har ikkje funne noko bevis på at dei overlevde lenge etterpå.[10]:185

I 1669 nådde «Nonsuch» bukta og gjorde handel med beverpels, noko som førte til at Hudson's Bay Company (HBC) vart oppretta. Selskapet eksisterer framleis i dag med same namn.[11] HBC fekk handelsmonopol frå den britiske korna for heile nedslagsfeltet til Hudsonbukta, som på denne tida vart kalla Rupert's Land.[12]:4 Frankrike slost om dette løyvet ved å sende fleire militære tokt til området, men måtte gje opp kravet etter freden i Utrecht (april 1713).

I denne perioden bygde Hudson's Bay Company fleire fort og handelsstasjonar langs kysten ved munningane til dei store elvane (som Fort Severn i Ontario, York Factory og Churchill i Manitoba). Dei strategiske plasseringane var basar for utforsking av området innanfor. I tillegg vart handelsstasjonane nytta for å gjere handel med indianarane som kom til stasjonane med pelsar. HBC frakta så pelsane til Europa og heldt fram å nytte desse stasjonane til byrjinga av 1900-talet. Hamna Churchill er framleis ei viktig båthamn for handel med Europa og Russland i dag.

I 1980 vart handelsmonopolet til HBC avskaffa og Rupert's Land—eit område på om lag 3,9 millionar km²- vart avstått til Canada som ein del av Northwest Territories.[12]:427 Frå 1914 vart bukta omfattande kartlagd av dei kanadiske styresmaktene for å utvikle skipstrafikken i området.[13] Denne kartlegginga førte til at Churchill i Manitoba vart grunnlagd som ei djupvasshamn for kveitetransport i 1929, etter fleire mislukka forsøk frå Port Nelson.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utstrekning[endre | endre wikiteksten]

International Hydrographic Organization reknar den nordlege grensa til Hudsonbukta som følgjer:[14]

Ei linje frå Nuvuk Point (62°21′N 78°06′W) til Leyson Point, den søraustlegaste delen av Southampton Island, gjennom den sørlege og vestlege kysten av Southampton Island til den nordlegaste delen, så ei linje til Beach Point (66°03′N 86°06′W) på fastlandet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Isen starta å legge seg tidleg i november i Hudsonbukta.

Hudsonbukta var vekstsenteret for hovudisen som dekte det nordlege Nord-Amerika under den siste istida. Heile regionen har låge temperaturar året rundt. Den årlege middeltemperauren til Churchill ved 59 °N er til dømes -5°C; samanlikna med Arkhangelsk på 64 ºN i Nord-Russland som har ein middeltemperatur på 2 °C.[15] Vasstemperaturen når 8°-9°C på vestsida av bukta på seinsommaren. Bukta er stort sett islagd frå midten av desember til midten av juni, då isen smeltar frå aust mot vest og sørover. Den gradvis temperaturauken dei siste 100 åra har gjort at den isfrie tida har vorte lengre. Denne perioden var så kort som fire månader på 1600-talet.[16]

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Seint på våren (mai), flyt store isflak nær austkysten, medan bukta lenger vest framleis er isdekt. Frå 1971 til 2007 auka den isfrie tida i den sørvestlege delen av Hudsonbukta, vanlegvis den siste delen som smeltar, med om lag sju dagar.

Hudsonbukta har lågare salinitet enn havvatn. Dette kjem av lite fordamping (bukta er isdekt det meste av året), stor tilførsel av ferskvatn (om lag 700 km³ årleg, nedslagsfeltet til Hudsonbukta dekkjer det meste av Canada og mange elvar renn ut i bukta), og at utløpa mot det saltare Atlanterhavet er trongt. Den årlege tilfrysinga og smeltinga av havisen, som er om lag tre gonger så stor som den årlege vasstilførselen frå elvane, endrar saliniteten i overflata i stor grad gjennom året.

Ei følgje av det lågare saltinnhaldet i bukta er at frysepunktet til vatnet er høgare enn i resten av havet, og dette er med på å auke tida bukta er isdekt.

Kysten[endre | endre wikiteksten]

Vestkysten av bukta er eit lågland kjend som «Hudson Bay Lowlands» som dekkjer 324 000 km². Området vert drenert av store elvar og har ein karakteristisk vegetasjon kalla muskeg. Mykje av landforma er forma av isbrear og av at bukta har vorte gradvis mindre over ein lang tidsperiode. Teikn etter tidlegare strandsoner kan ein finne langt inn frå den noverande strandsona. Ein større del av låglandet i provinsen Ontario er ein del av Polar Bear Provincial Park, og ein liknande del av låglandet i Manitoba er ein del av Wapusk nasjonalpark, der det finst mykje isbjørn.[17]

Det meste av austkysten (i Quebec) dannar vestkanten av Det kanadiske skjoldet i Quebec. Området er berg- og åslendt. Vegetasjonen er typisk taiga og i nord tundra.

Målt etter kystlengd er Hudsonbukta den største bukta i verda.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Det er mange øyar i Hudsonbukta, hovudsakleg nær austkysten. Alle desse ligg i territoriet Nunavut. Ei øygruppe er Belcherøyane. Ei anna grupper omfattar Ottawaøyane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Då tyngdefeltet til jorda vart kartlagt frå starten av 1960-åra vart det oppdaga eit stort område med lågare tyngdekraft enn gjennomsnitt kring Hudsonbukta. Dette trudde ein først kom av at jordskorpa framleis var pressa ned etter vekta frå isbreane som var her under den siste istida, men meir detaljerte observasjonar frå satellitten GRACE indikerer at dette ikkje kan utgjere heile tyngdeanomalien. Ein trur at konveksjon i den underliggande mantelen kan vere medverkande.[18]

Somme geologar er usamde om kva som har skapt den halvsirkelforma bukta, som vert kalla Nastapoka-bogen. Dei fleste er samde om at forma har tektonisk opphav mellom Belcher-foldinga og Superior-kratonen skapt under Trans-Hudson-orogenesen. Somme geologar meiner at forma kan kome av eit nedslag i prekambrium og har samanlikna det med Mare Crisiummånen. Ein har derimot ikkje funne bevis på at bukta er eit nedslagskrater.[19]

Kystsamfunn[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Hudsonbukta er særs tynt folkesett. Det er berre om lag eit dusin landsbyar. Somme av desse vert grunnlagde på 1600- og 1700-talet som handelsstasjonar for Hudson's Bay Company, noko som gjer dei til nokre av dei eldste busetnadane i Canada. Då stasjonane til HBC vart stengde utover på 1900-talet består innbyggjarane i desse landsbyane i dag nesten utelukkande av cree og inuittar.

Somme av dei viktigaste samfunna langs Hudsonbukta er:

Militær utvikling[endre | endre wikiteksten]

Før den kalde krigen vart ikkje området rekna som militært viktig. I 1950-åra vart eit få stader langs kysten ein del av Midt-Canada-linja, som skulle sjå etter potensielle sovjetiske bombefly som kunne kome over Nordpolen. Den einaste djupvasshamna i det arktiske Canada ligg i Churchill i Manitoba.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hudson Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2012.
  • Atlas of Canada, online version.
  • Some references of geological/impact structure interest include:
    • Rondot, Jehan (1994). Recognition of eroded astroblemes. Earth-Science Reviews 35, 4, p. 331-365.
    • Wilson, J. Tuzo (1968) Comparison of the Hudson Bay arc with some other features. In: Science, History and Hudsonbukta, v. 2. Beals, C. S. (editor), p. 1015–1033.
  1. Wissenladen.de
  2. «Canada Drainage Basins». The National Atlas of Canada, 5th edition. Natural Resources Canada. 1985. http://atlas.nrcan.gc.ca/site/english/maps/archives/5thedition/environment/water/mcr4055. Henta 29. januar 2012. 
  3. http://www.infoplease.com/ce6/world/A0824440.html
  4. McColl, R.W. (2005). Encyclopedia of World Geography. Infobase Publishing. s. 57. ISBN 9780816057863. 
  5. Earle, Sylvia A.; Glover, Linda K.; National Geographic Society (2008). Ocean: An Illustrated Atlas. National Geographic Books. s. 112. ISBN 9781426203190. 
  6. Reddy, M. s. M. (2001). Descriptive Physical Oceanography. Taylor & Francis. s. 8. ISBN 9789054107064. 
  7. Day, Trevor; Garratt, Richard (2006). Oceans. Infobase Publishing. s. 21. ISBN 9780816053278. 
  8. Peter Calow. Blackwell's concise encyclopedia of environmental management. Wiley-Blackwell. s. 7. ISBN 9780632049516. 
  9. John Wright. The New York Times Almanac 2002. Psychology Press. s. 459. ISBN 9781579583484. 
  10. 10,0 10,1 Butts, Edward. Henry Hudson: New World voyager. Dundurn Press Ltd.. s. 170. ISBN 9781554884551. 
  11. «Nonsuch Gallery». Manitoba Museum. http://www.manitobamuseum.ca/main/museum/nonsuch-gallery/. Henta 29. januar 2012. 
  12. 12,0 12,1 Galbraith, John S. (1957). The Hudson's Bay Company. University of California Press. 
  13. «CSS Acadia». Maritime Museum of the Atlantic. http://museum.gov.ns.ca/mma/AtoZ/acadia.html. Henta 29. januar 2012. 
  14. «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition». International Hydrographic Organization. 1953. http://www.iho-ohi.net/iho_pubs/standard/S-23/E23_1953.pdf. Henta 29. januar 2012. 
  15. GHCN climatic monthly data, GISS, using 1995–2007 annual averages
  16. General Survey of World Climatology, Landsberg ed., (1984), Elsevier.
  17. C. Michael Hogan (2008) Polar Bear: Ursus maritimus, globalTwitcher.com, ed. Nicklas Stromberg
  18. Young, Kelly. «Satellites solve mystery of low gravity over Canada». New Scientist. 
  19. Eaton D. W. and F. Darbyshire, 2010, Lithospheric architecture and tectonic evolution of the Hudson Bay region. Tectonophysics. v. 480, s. 1–22.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hudsonbukta