Huelva

Koordinatar: 37°15′N 6°57′W / 37.250°N 6.950°W / 37.250; -6.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huelva
Flagget til Huelva Byvåpenet til Huelva
Flagget til Huelva Byvåpenet til Huelva
Motto
«Portus Maris et Terrae Custodia»
Plassering
Huelva is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Huelva
Borgarmeister Pedro Rodríguez González
Geografi
Flatevidd
 - By

149 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

149 310
  1 002,1 /km²
Koordinatar 37°15′N 6°57′W / 37.250°N 6.950°W / 37.250; -6.950
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.huelva.es

Huelva er ein by sørvest i Spania og provinshovudstad i provinsen Huelva i den autonome regionen Andalucía. Han ligg ved kysten av Cádizbukta der elvane Odiel og Rio Tinto renn saman. Byen har opp under 150 000 innbyggjarar.

Fotballaget i byen, Recreativo de Huelva, er den eldste i heile Spania. Den einaste tropiske orkanen, Vince, som nokon gong har nådd land i Europa, gjekk på land her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Huelva

Byen er skildra i antikken som ein by mellom elvane Anas (dagens Guadiana) og Baetis (dagens Guadalquivir)[1]

Byen kan ha vore same by som Tartessus; som fønikarane kalla Onoba. Grekarane heldt dette namnet og skreiv det Ὄνοβα. Byen var under turdetanar då romarane erobra området. I romartida vart byen kalla Onoba Aestuaria[2] eller Onuba (nytta på myntar) eller Onoba.[3] Byen vart ein del av den romerske provinsen Hispania Baetica. Arabarane erobra området og kalla byen Walbah mellom 712 og 1250. Byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1755.

Det er framleis ruinar etter romarane i byen. Byen prega sine eigne myntar og det er funne fleire myntar her med namnet Onuba.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Antonine Itinerary s. 431.)
  2. Ptolemaios, ii. 4. § 5.
  3. Strabius, iii. s. 143, Pomponius Mela, iii. 1. § 5.
  4. Enrique Florez, Med. ii. s. 510, 649; Théodore Edme Mionnet, i. s. 23, Suppl. s. 39; Sestini, Med. Isp. s. 75, ap. Friedrich August Ukert, vol. ii. pt. 1. s. 340.