Hufsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hufsa (svensk: Mårran) er ein fryktinngytande figur i Tove Janssons historier om Mummitrollet. Ho spreier skrekk og kulde rundt seg, og frys det ho står på. Ein kan sjå Hufsa som symbol for redsla for det ukjende eller ei personifisering av einsemda. Ho har også vorte sett som ein allegori for vinteren, krigen eller døden.

Hufsa har ein uformeleg spøkelseaktig framtoning med to kalde stirrande auger og ei skinande tannrad. Når ho går vert det eit spor av is og snø etter henne og gras og planter døyr rundt henne. Innbyggarane i Mummidalen opplever Hufsa som eit stendig trugsmål, ho verkar oppsøkje dei, men dei skyr henne. Når Mummitrollet endeleg tek mot til seg og vågar å nærme seg Hufsa i boka Pappan och havet minskar den trugande kulda rundt henne. Slik kan ein sjå Hufsa som eit bilete på einsemda og dei utstøtte, eller at ho er eit produkt av vår eiga framandfrykt og at frosten står om henne fordi dei andre figurane i Mumidalen har frose henne ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]