Hugenottar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hugenott)
Hugenottkrossen er symbolet til hugenottane.

Hugenottar er nemninga på tilhengarane av den reformerte læra i Frankrike. Hugenottane baserte kyrkja si på læra til Jean Calvin.

Orda hugenott (fransk huguenot) stammar frå 1500-talet og skal visstnok kome av det tyske Eidgenosse («forbundsfelle»), på grunn av banda til den sveitsiske reformasjonen. Først vart ordet brukt som skjellsord av motstandarane, men seinare vart det teke i bruk av hugenottane sjølv.

Hugenottane vart forfølgt av dei franske kongane og andre katolske makthavarar. Ein massakre på ei hugenottisk forsamling i Vassay i 1562 gav støyten til ein 30 år lang religionskrig i Frankrike. Den vondaste hendinga i denne krigen er kjent som Bartolomeusnatta. Den 24. august 1572 vart det sett i gang eit blodbad i Paris der fleire tusen hugenottar vart drepne.

Ediktet i Nantes gav i 1598 hugenottane visse fristader. Seinare vart dei igjen utsett for sterkt press frå den franske kongen, og i 1685 vart ediktet i Nantes oppheva. Mellom 200 000 og 250 000 hugenottar emigrerte på grunn av forfølgingane. Særleg drog dei til Sveits og mange statar i dagens Tyskland (hovudsakleg Brandenburg-Preussen, som dei kom til å setje eit sterkt preg på), England, Nederland og Nord-Amerika. Denne utvandringa var eit stort tap for Frankrike sidan hugenottane var dugelege borgarar.

Ikkje før den franske revolusjonen i 1789 fekk hugenottane fulle borgarrettar.

Kjente hugenottar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]