Hugh David Politzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hugh David Politzer
Fødd New York, USA
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Doktorgradsrettleiar Sidney Coleman
Kjend for Kvantekromodynamikk
Asymptotisk frihet
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (2004)

Hugh David Politzer (fødd 31. august 1949) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2004 saman med landsmennene David Gross og Frank Wilczek for bidraget til å forstå den sterke kjernekrafta som knyt protona og nøytrona saman til atomkjerner. Arbeidet som han fekk Nobelprisen for vart publisert i Physical Review Letters i 1973 som den første publiserte artikkelen hans.

Politzer vart fødd i New York i ein familie av slovakisk opphav. Han vart uteksaminert ved Bronx High School of Science i 1966 og fekk ein Bachelor frå University of Michigan i 1969 og ein filosofisk doktorgrad frå Harvard University under rettleiing av Sidney Coleman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]