Hughes Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°13′S 61°20′W
Hughes Bay
bukt
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 64°13′S 61°20′W
Breidde 42 km
Administrert under Antarktistraktaten
Hughes Bay is located in Antarktis
Hughes Bay (Antarktis)

Hughes Bay er ei bukt som ligg mellom Cape Sterneck og Cape Murray langs vestkysten av Den antarktiske halvøya.[1] Ho er 42 km brei og ligg sør for Chavdar Peninsula og nord for Pefaur PeninsulaDanco Coast på vestsida av Graham Land.

Namnet har vore nedskrive på kart i over 100 år til minne om Edward Hughes, kaptein på «Sprightly», som var ei selskut eigd av kvalfangstselskapet Samuel Enderby & Sons i London, som utforska området i 1824–25.[1][2]

Hughes Bay kan ha vore staden der menneske første gongen gjekk i land på det antarktiske fastlandet, då selfangarar frå den amerikanske selskuta «Cecilia» under kaptein John Davis den 7. februar 1821 visstnok vitja bukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Hughes Bay». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:7124. Henta 19. oktober 2012. 
  2. Alberts, Fred G., ed (June 1995). Geographic Names av Antarctica (second ed.). USA Board on Geographic Names. s. 352. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hughes Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).