Hugli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hugli
Bilete av Hugli teke over byen Bally. Foto: Greg O'Beirne, 2007
Bilete av Hugli teke over byen Bally.
Foto: Greg O'Beirne, 2007

Hugli eller Hooghly er ei 260 km lang elv i Vest-Bengal i India. Elva utgjer den vestlege munningen av Gangesdeltaet og bind saman Kolkata med Bengalbukta.

Elva har lett for å forandre løp i det flate terrenget og blir berre halden open til Calcutta, 145 km frå havet. Området ho renn gjennom, Calcutta-regionen (Hooghlyside), er eitt av det tettast folkesette og mest industrailiserte i India.

Hugli ved Baranagar.

Fleire store bruer fører over Hugli. Dei viktigaste elvehamnene er Kolkata og uthamna Haldia. Aukande bruk av vatnet til kunstig vatning av jordbruksområda i omlandet har redusert vassføringa og resultert i aukande sedimentasjon i munningen. Dette har skapt problem for skipstrafikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hugli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]