Hugo Almeida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hugo Almeida
Hugo Almeida - SV Werder Bremen (1).jpg
Personleg informasjon
Namn Hugo Miguel Pereira de Almeida
Fødselsdato 25. januar 1984 (30 år)
Fødestad Figueira da Foz i Portugal
Høgd 191 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Tyrkia Beşiktaş
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
1997-2002 Portugal Naval 1º de Maio
Portugal FC Porto
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002-05
2005-07
2007-10
2011-
Portugal Porto B
Portugal FC Porto
Tyskland Werder Bremen
Tyrkia Beşiktaş
23 (21)
34 (4)
89 (36)
88 (37)
Landslag**
2004-2007
2004-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal
27 (16)
54 (17)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 18. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 31. mai 2014.

Hugo Miguel Pereira de Almeida (fødd 23. mai 1984) er ein portugisisk fotballspelar som spelar for tyrkiske Beşiktaş.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Almeida starta som juniorspelar for heimklubben Naval 1º de Maio i 1997, men bytte klubb til Porto i år 2000. Her kom han opp på fyrstelaget i 2002. Han vart seriemeister i Portugal med klubben i 2004 og 2006 Han vart lånt vekk til andre klubbar fleire gonger, og vart også lånt vekk til Werder Bremen, men lånet vart omgjort til kjøp i 2007. Ved nyttår 2010/11 gjekk han til Beşiktaş for 2 millionar euro. Han var med på å bli cupmeister i Tyrkia med laget same sesongen.

På landslagsnivå har Almeida delteke i fleire turneringar, mellom anna fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han eitt av måla i kampen mellom Portugal og Nord-Korea, som enda 7-0 til Portugal. Under EM i 2012 spelte han i to av Portugal sine kampar då laget nådde semifinalen i turneringa.