Hugo Lloris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugo Lloris
Personleg informasjon
Fødd 26. desember 1986
Fødestad Nice
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tottenham Hotspur
Nummer 1
Ungdomsklubbar
1997-2005 Nice
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-08
2008-12
2012-
Frankrike Nice
Frankrike Lyon
Tottenham
72 (0)
146 (0)
350 (0)
Landslag
2006-08
2008-
Frankrike Frankrike U21
Frankrike
5 (0)
139 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 6. november 2022

Hugo Lloris (fødd 26. desember 1986) er ein fransk fotballspelar. Lloris spelar som keeper for Tottenham Hotspur og det franske landslaget.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lloris vart fødd i Nice, der han òg begynte karrieren sin. Etter tre år i ungdomssystemet til OGC Nice vart han forfremma til A-stallen i 2005. Som nittenåring fekk Lloris den 18. mars 2006 debuten sin for Nice i 1-0-sigeren over Rennes. Han fekk fire kamper til i debutsesongen sin. Sesongen etter vart han fast på laget på bekostning av publikumsfavoritten Damien Gregorini, noko som seinare førte til at Gregorini forlét Nice og gjekk til AS Nancy. Lloris heldt fram med godt spel, og vart etter kvart knytt til fleire europeiske storklubbar.

Etter endå ein sterk sesong heldt spekulasjonane om at Lloris skulle flytte på seg fram. Han vart knytt til den beste klubben i Frankrike, Olympique Lyonnais,[1] som trong ein erstattar for Grégory Coupet, italienske AC Milan,[2] som ville ha han som erstatning for brasilianske Dida, og engelske Tottenham Hotspur,[3] som ville at Lloris skulle erstatte Paul Robinson.

Det vart rapportert at Lloris hadde kome til semje med Milan,[4] men han enda likevel opp i Olympique Lyonnais. Lloris grunngav avgjerda med Champions League-deltakinga til Lyon.[5] Lloris fekk trøye nummer éin og gjekk rett inn på laget. Etter 2008/09-sesongen vart Lloris kåra til beste keeper i serien, sjølv om sesongen enda med at Lyon ikkje vann seriemeisterskapen, for første gong på sju år. Han vann òg denne kåringa i 2009/10 og 2011/12. Lloris heldt fram som Lyon sin førstekeeper i 2009/10-sesongen. I desember 2009 kom han på tredjeplass i kåringa av "Årets spelar i Frankrike", bak Nicolas Anelka og Yoann Gourcuff.

Lloris fekk aldersbestemte landskampar for Frankrike, og seinare også kampar for France A', det franske B-landslaget. I 2005 var han med på det franske laget som vann U19-EM. Han vart først kalla inn i A-landslagstroppen til ein kamp mot Spania i februar 2008, som reserve. Han spelte den første A-landslagskampen sin mot Uruguay 19. november 2008. Kampen enda 0-0. I kampen mot Serbia 9. september 2009 fekk Lloris sitt første raude kort, og vart utvist frå ein landskamp, for å ha felt Nikola Žigić innanfor 16-meteren.[6] Han var tilbake på landslaget til kvalifiseringskampen mot Austerrike i oktober, og spelte òg begge kvalifiseringskampane mot Irland i november 2009, til stor åtgaum i fransk presse. Lloris stod i mål for Frankrike i alle kampane deira under både VM i 2010, EM i 2012, VM i 2014 og EM 2021.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lyon deny Coupet rumours». SoccerNews.com. 23. mai 2008. Henta 20. oktober 2008. 
  2. «Hugo Lloris to AC Milan». eyefootball.com. 19. mai 2008. Henta 20. oktober 2008. 
  3. «Lloris open to Spurs talks». Sky Sports. 28. mai 2008. Henta 20. oktober 2008. 
  4. «AC Milan set to sign French goalkeeper Hugo Lloris». TotalClubFootball. 28. mai 2008. Arkivert frå originalen 7. februar 2009. Henta 20. oktober 2008. 
  5. «Lloris explains Lyon choice». Sky Sports. 28. mai 2008. Henta 20. oktober 2008. 
  6. «archive.ph», archive.ph, arkivert frå originalen 8. juli 2012, henta 7. november 2022