Hugo Wolf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugo Wolf

Fødd13. mars 1860
FødestadSlovenj Gradec
Død22. februar 1903 (42 år)
DødsstadWien
FødenamnHugo Philipp Jacob Wolf
OpphavAusterrike-Ungarn, Keisardømet Austerrike
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, musikkritikar, musikkforskar

Hugo Wolf (13. mars 186022. februar 1903) var ein austerriksk-slovensk komponist.

I nokre få intense periodar av livet sitt komponerte han dei fleste av dei nærast 300 songane som har gjort han til den fjerde meisteren blant dei tyske komponistane på 1800-talet av romantiske lieder ved sida av Schubert, Schumann og Brahms.

Liederane hans syner ein stor stilmessig breidd, form og uttrykk. Karakteristisk for ein del av produksjonen er den symfoniske utforminga av klaverakkompagnementet som ber ei songstemme utan synderleg melodisk eigenverdi, men desto meir intens og fintfølande overfor kvar og ein språkleg og psykologisk detalj i teksten. Musikken hans legg seg stilmessig i nærleiken av Wagner.

Dei siste seks år av livet hans vart formørka av ei sinnsliding som gjorde det umogleg for han å komponere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hugo Wolf