Huizhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huizhou i Guangdong
Mot byen Huizhou

Huizhou (kinesisk: 惠州; pinyin: Hùizhōu) er eit byprefektur aust for dei sentrale delane av provinsen Guangdong, ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 10 922 km² og 4 598 002 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Huizhou består av to distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Huizhou grensar i vest til provinshovudstaden Guangzhou. Det vestlegaste distriktet i Huizhou, Huiyang, er i dag ein del av det største byområdet i verda, Guangzhou-Shenzhen-området, med i kring 40 millionar innbyggjarar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksves 205 passerer gjennom området. Vegen tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs er han innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Også Kinas riksveg 324 fører gjennom området. Han går frå Fuzhou i provinsen Fujian gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]