Hulda Garborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hulda Garborg i bunad, eit av emna ho arbeidde med.

Karen Hulda Garborg f. Bergersen (22. februar 18625. november 1934) var ein norsk forfattar og kulturarbeidar, gift med Arne Garborg.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen.

Ho var mellom anna engasjert i å verna den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla drakter ein kunne dansa i, inspirert av gamle folkedraktar. Dette blei opphavet til mange moderne bunader, og Garborg har fått mykje av æra for den fortsette bruken av dei norske folkedraktene. Tradisjonelt norsk matstell var eit anna emne ho interesserte seg for.

I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret, med Hulda som styreformann. Ei byste av henne står nå på teateret.

Hulda var òg kommunepolitikar for Det frisinnede Venstre og blei den første kvinna som sat i formannsskapet i Asker kommune.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Hulda var frå StangeHedmarka. Faren dreiv storgarden Såstad, men hadde store alkoholproblem, og mora flytta etterkvart ut med Hulda og dei to søstrene hennar. Dei busette seg på Hamar.

Som ung jente flytta Hulda til Kristiania, der ho blei oppteken av arbeidarrørsla og norsk nasjonsreising, mellom anna målsaka. Ho var òg interessert i skodespel, og ville bli skodespelar. Men familien mangla pengar, og ho fekk seg butikkjobb i staden. Staden ho arbeidde var eigd av brørne Dobloug, som var radikale for den tida - nasjonalistiske venstretilhengjarar. Butikken deira var dei første som selde reine norske flagg, utan unionsmerke.

Hulda gifta seg borgarleg med Arne Garborg i 1887, og brende samstundes det ho hadde skrive av dikt og småstykke. Seinare tok ho likevel pennen fram att, og gav ut si første bok i 1892, romanen Et frit Forhold. Etter dette skreiv ho mange bøker, sakprosa, romanar og skodespel, og ho veksla mellom å skrive på bokmål og nynorsk. Eit av skodespela hennar, Rasjonelt fjøsstell, er blitt så ofte sett opp av bygdeungdomslag over heile landet at det er eit av dei mest spelte stykka i norsk teaterhistorie.

Etter at dei hadde gifta seg hadde Hulda og Arne busett seg i Kolbotn i Østerdalen. I 1897 flytta dei til Labråten, som blei hovudheimen deira i fleire tiår. Hulda budde her resten av livet, også då Arne drog tilbake til Jæren. Labråten vart ein sentral møtestad for den såkalla "Askerkretsen", eit intellektuelt og kulturpolitisk miljø.

Arne og Hulda Garborg fekk ein son. Han var oppkalla etter faren, men vart oftast tiltalt som "Tuften".

Fleire hus står igjen etter diktarparet, der særleg husa i Kolbotn og Labråten kan knytast til begge. I september 2012 opna kulturministeren Nasjonalt GarborgsenterBryne, ein formidlingsarena for å fremja interessa for deira tankar og visjonar. Målet skal vera å inspirera til samfunnsengasjement, å lesa og skapa, samt vera ein sosial møteplass.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Et frit Forhold, roman, 1892
  • Mødre, skodespel, 1895
  • Rasjonelt fjøsstell, skodespel, 1896
  • Kvinden skabt af manden, 1904
  • Mann av guds naade, 1908
  • Fru Evas dagbog, 1915
  • Grågubben, 1925
  • Hildring, 1931

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Fra Kolbotnen og andetsteds, 1903
  • Norsk klædebunad, 1903, utvida utgåve 1917

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hulda Garborg