Huldreeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andre opplag av Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg frå 1896.

Huldreeventyr er ein term som er kjend gjennom Peter Christen Asbjørnsens samlingar av Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn I-II (1845-48). Huldreeventyr er beinveges omsett frå tysk Elfenmärchen, eit omgrep som blei tatt i bruk av brørne Grimm, og som dei hadde omsett frå det engelske fairytale.

Asbjørnsen nytta omgrepet huldreeventyr delvis for å karakterisere personlege, supranormale opplevingar, delvis om fullt utvikla, avrunda segner med fleire episke drag. Personleg opplevde overnaturlege hendingar svarar til det som i moderne folkloristikk er kalla memorat, medan dei meir utbygde og heiskaplege segnene gjerne er kalla for fabulat. Begge delar førekjem i Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Knut Liestøl har synt at Asbjørnsen ikkje skil heilt klårt mellom memorat og segn/fabulat, men at han nærma seg ei slik åtskiljing.[1] Knut Liestøl held vidare fram at Asbjørnsen ikkje hadde skapt ordet huldreeventyr, slik Moltke Moe meinte, og at ordet alt var tatt i bruk i Noreg av Ivar Aasen. Asbjørnsens samlingar av huldreeventyr og folkesegner inneheld mange utsegner frå folketru, og er soleis ei viktig kjelde til studiet av folkeleg religiøsitet. Huldreeventyra er likevel ikkje eventyr i folkloristisk meining. Huldra førekjem til dømes ikkje i eventyr.

Asbjørnsen utgav sine samlingar Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn I-II i 1845 og 1848, og hausta straks ros, mellom anna frå Peter Jonas Collett i avisa Den Constitutionelle. Han roste især naturskildringane i rammeforteljingane. Rammeforteljingane set sogene inn i ein samanheng og teiknar ulike forteljarmiljø der Asbjørnsen også kan la forteljarane (informantane) og andre som er til stades koma fram med personlege refleksjonar kring underjordsfolk/tussar/haugfolk , svarteboksformularar, attergangarar osb. Særleg interessant slik sett er Julebesøget i Præstegaarden.

Informantane kan vera meir eller mindre historiske personar - iblant karikerte - der modellane kan identifiserast, eller oppdikta personar som Asbjørnsen set inn i situasjonen slik det høvde. Det er ikkje so visst at sogene er blitt fortalde under dei tilhøva som Asbjørnsen teiknar i sine rammeforteljingar. Men Asbjørnsen lagar truverdige forteljarmiljø. Når eit jaktlag tek ein kvil, eller kjem fram til ein overnattingsstad, t.d. ei hytte på fjellet, så ligg det til rettes for jaktsoger. Den eine forteljaren inspirerer den andre. Rundt eit leirbål i Nordmarka, kan det t.d. vera naturleg med merkelege soger om fisking, tjørner med dobbel botn, sokalla huldretjørn, lokale skattergravarsegner osb.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liestøl, Knut (1947), Mannen og livsverket s. 168