Human-Etisk Forbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Human-Etisk Forbund (HEF) er eit livssynssamfunn for human-etikarar eller sekulære humanistar. Forbundet passerte 70 000 medlemer tidleg i 2007, og er det største trus- og livssynssamfunnet i Noreg utanfor Den norske kyrkja. Organisasjonen er landsdekkjande og har nær 120 lokallag, og dessutan fylkeslag i alle fylka.

Ei hovudsak er organisering og gjennomføring av seremoniar på eit humanistisk grunnlag og arbeid for livsynslikestilling. Forbundet har i dag nær 60 tilsette, der om lag halvparten arbeider ved fylkeskontora og resten i den sentrale administrasjonen (som held til i Humanismens Hus, St. Olavsgt. 27 i Oslo).

Human-Etisk Forbund si hovudinntek kjem frå offentlege tilskot til medlemene – ei ordning som inneber kompensasjon for (ein del av) dei skattemidlane samfunnsborgarane betaler til Den norske kyrkja – og frå medlemsavgift. Berre personar over 15 år kan verta medlemer, sjølv om forbundet òg mottek offentleg tilskot for borna til medlemene (dersom medlemene gjev løyve til å søkja om slikt tilskot).

Forbundet gjev ut medlembladet Fri tanke både på papir (oppl. 54 000) og som nettavis og tidsskriftet Humanist.

Generalsekretær frå februar 2006 er Kristin Mile, og tidlegare kulturminister Åse Kleveland vart 10. juni 2007 vald til styreleiar.

Føremål og livssyn[endre | endre wikiteksten]

I forbundet sine vedtekter, sist endra 2007, heiter det mellom anna:

«§1 Formål
Human-Etisk Forbund er ein humanistisk livssynsorganisasjon. Forbundet vil arbeida for å videreutvikla humanismen og bidra til at menneska kan praktisera det humanistiske livssynet sitt.
§2 Humanisme
Humanismen er eit livssyn som baserer verkelegheitsforståinga si og etikken sin på menneskeleg fornuft og erfaring, rasjonell og kritisk tenking, følelsar og medmenneskelegheit. Humanismen er utan religiøse førestillingar.
Humanismen set mennesket i sentrum. Humanismen har som mål å fremja sjølvstende, fridom og ansvar, og å gje alle menneske sjansen til å utvikla dette.
I det humanistiske livssynet inngår ei pliktkjensle andsynes menneskerettane som uttrykk for sentrale verdiar og ideal. Menneskerettane er eit godt vern for menneskeleg verdigheit og mangfald».

Etter omfattande diskusjonar i organisasjonen la hovudstyret til Human-Etisk Forbund, i november 2006, fram «Norsk humanistmanifest 2006». Manifestet utdjupar «definisjonen» av det humanistiske livssynet i føremålsbolken og gjev ei kortfatta framstilling av humanismen sitt grunnlag i dag, slik forbundet forstår dette[1].

Arbeid og aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til seremoniarbeidet, bidreg Human-Etisk Forbund i den offentlege samfunnsetiske og livssynspolitiske debatten. Arbeidet for livssynsmessig likestilling står sentralt i forbundet si verksemd, og dei gjev ei rekkje høyringsfråsegner til relevante styresmakter.

Statskyrkjeordninga[endre | endre wikiteksten]

Ein viktig del av dette arbeidet går ut på å argumentera for avvikling av statskyrkjeordninga. Forbundet har ved fleire høve fått lagt inn i Stortinget framlegg til endring av § 2 i Grunnlova. Gjennom den personlege oppnemninga av Bente Sandvig, som i mange år har vore fagsjef i Human-Etisk Forbund, vart forbundet representert i Gjønnes-utvalget som utgreidde forholdet mellom staten og Den norske kyrkja, og som i januar 2006 la fram ei utgreiing [2] for Kultur- og kyrkjedepartementet.

RLE-faget[endre | endre wikiteksten]

Forbundet har òg konsentrert seg om livssynslikestilling i skulen og var sentral i etableringa og utviklinga av «alternativt livssyn», eit alternativ til kristendomsundervisninga som fekk stadig større oppslutning gjennom 1970 - og 1980-talet. Dette faget vart avvikla då KRL-faget vart etablert i 1997. Human-Etisk Forbund meinte at faget, som vart obligatorisk, krenkte foreldra sin rett til å bestemma over borna si livssynsmessige oppseding. Forbundet gjekk, saman med ei gruppe foreldre, til sak mot staten, men tapte i alle norske rettsinstansar. Fleire av foreldra klaga då Noreg inn for FN sin menneskerettskomité og i november 2004 vart komiteen si avgjerd kjend: Dei klagande foreldra fekk medhald og Noreg vart pålagt å gjera endringar i faget.

Ei annan gruppe foreldre klaga Noreg inn til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Haag. Saka vart høyrd i desember 2006 og kjennelsen kom i juni 2007: Foreldra fekk medhald i at faget krenkte Den europeiske menneskerettskonvensjonen av di den obligatoriske undervisninga ikkje er objektiv, kritisk og pluralistisk. På grunn av domen vart KRL-faget endra til RLE, Religion, Livssyn og Etikk, fra august 2008.

Føremåla i skule og barnehage[endre | endre wikiteksten]

Kunnskapsminister Øystein Djupedal oppnemnde Bostad-utvalget i mai 2006 for å gå gjennom føremålet for skular og barnehagar. Utvalget fekk i oppdrag å sjå på alle sider ved føremåla, både med tanke på eit meir heilskapleg utdanningsløp og på samfunnsutviklinga. Utvalet skulle òg vurdera dei noverande føremålsparagrafane. Human-Etisk Forbund sin generalsekretær Kristin Mile vart oppnemnd til utvalet, som la fram sin utgreiinga si i juni 2007.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Human-Etisk Forbund deler ut Humanistprisen og Humanistisk kulturpris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk humanistmanifest 2006, Human-Etisk Forbund, 16/11-2006.
  2. Staten og Den norske kirke, Norges offentlege utreiingar (NOU), 2006, nr2, 31/1-2006.