Humanisme
Humanisme er ei filosofisk tankeretning med røter i den greske og romerske antikken. Filosofien set mennesket i sentrum (Mannen er målestav for alt), nett som i den greske sofismen. "Klassisk" humanisme vart utvikla i tidleg renessanse, av tenkjarar og diktarar som Francesco Petrarca, som bygde på romaren Cicero, som hadde nytta ordet Humanitas (det menneskelege). Framvoksteren av den humanistiske skola er tett knytt til utviklinga av moderne åndsvitskap (Humaniora), vitskapsfilosofi, og ikkje minst ei religiøs nyorientering som kulminerte i reformasjonen.
Tidleg humanisme[endre]
Den tidlege humanismen voks fram i Italia på 1300-talet. Omgrepet vart sett på tankeretninga i århundret etter, av di dei som slutta seg til, var opptekne av Studia Humanitatis (Grammatikk, Retorikk, Poesi, Historie og Moralfilosofi), fagkrinsar som seinare var omslutta av Humaniora. Den første verkeleg tok ordet i bruk, var Leonardo Bruni, som bygde beint på Cicero. Han var den førande tenkjaren i Italia i 1400-talet, og stod for ei historisk metode som sa seg laus frå den bibelske historieforståinga. Humanismen synte tidleg eit oppgjer med mellomalderleg kyrkjefilosofi. Bruni såg Cicero som høgdepunktet i romersk litteratur og språkkjensle.
Nordleg humanisme[endre]
Tanken om ei ny filosofisk givnad spreidde seg snøgt utanfor Italia, og vann særleg åtgaum i Nederlanda. Tyske og flamske universitetsfolk hadde ikkje same trongen i atterfødsle som italienarane, sidan dei såg Karl den Store som eit høgdepunkt i si historiske utvikling. Desse vart snarare opptekne av at bibelen skulle omsetjast omatt, og dette vart og gjort. Den førande humanisten i nordområda i denne tida er Erasmus frå Rotterdam, som gjorde ferdig ei ny omsetjing kring 1511. Samstundes påpeika han ei rekkje redaksjonelle feil i den katolske bibelen, og var slik med på å bane vegen for Martin Luther. Erasmus trudde og det var naudsynt å restituere klassisk gresk og latin. Han sette då i gang ei ny type språkleg og historisk forsking.
Den humanistiske ånda råka og Noreg og Danmark i tida etter 1560, og i Noreg førte dette til ei kulturhistorisk givnad i åra fram mot 1600, særleg i Bergen og Oslo. Dei førande humanistane her er Peder Claussøn Friis og Absalon Pederson Beyer i Bergen, og Hallvard Gunnarsson, Jacob Wolf og Jens Nilsson i Oslo. Desse skreiv for det meste på latin, men var opptekne av norsk historie, og sytte mellom anna for at Snorre Sturlason vart omsett til dansk.
Seinare humanistisk tenking[endre]
I den tidlege fasen var humanismen eit vitskapleg prosjekt. Seinare gjekk tankeretninga i fleire ulike leier. Humanismen heldt fram å påverke den meir menneske-orienterte delen av filosofien, særleg politisk filosofi. Såleis kan ein vanskeleg tenkje seg utforminga av menneskerettane utan den humanistiske arven.
Utover på 1800-talet tek ein til å skilja mellom livssynshumanisme og kristen humanisme. Henrik Wergeland er rekna som viktig for den siste retninga i Noreg. Livssynshumanismen har vore forvalta av Human-Etisk Forbund, som og nyttar humanisme-omgrepet med stor omsut.