Humanisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Humanismen)

Humanisme er ei andstretning innan filosofi og andsliv med røter i den greske og romerske antikken. Filosofien set mennesket i sentrum[1] (Mannen er målestav for alt), nett som i den greske sofismen. «Klassisk» humanisme vart utvikla i tidleg renessanse, frå 1300- til 1500-talet.[2] Diktarar og tenkjarar som Francesco Petrarca bygde på tekstar av romaren Cicero, som hadde nytta ordet Humanitas ('det menneskelege'). Framvoksteren av den humanistiske skola er tett knytt til utviklinga av moderne åndsvitskap (humaniora), vitskapsfilosofi, og ikkje minst ei religiøs nyorientering som kulminerte i reformasjonen.

Tidleg humanisme[endre | endre wikiteksten]

Den tidlege humanismen voks fram i Italia1300-talet.[2] Omgrepet «humanisme» vart sett på tankeretninga i det påfølgjande hundreåret, av di dei som slutta seg til, var opptekne av Studia Humanitatis (grammatikk, retorikk, poesi, historie og moralfilosofi), fagkrinsar som seinare var omslutta av humaniora. Den første som verkeleg tok ordet i bruk, var Leonardo Bruni, som bygde beint på Cicero. Han var den førande tenkjaren i Italia i 1400-talet, og stod for ei historisk metode som sa seg laus frå den bibelske historieforståinga. Humanismen synte tidleg eit oppgjer med mellomalderleg kyrkjefilosofi. Bruni såg Cicero som høgdepunktet i romersk litteratur og språkkjensle.

Andre namn som kan nemnast frå italiensk humanisme er Dante, Petrarca, Boccaccio og Pico della Mirandola.[2]

Nordleg humanisme[endre | endre wikiteksten]

Tanken om ei ny filosofisk givnad spreidde seg snøgt utanfor Italia, og vann særleg åtgaum i Nederlanda. Tyske og flamske universitetsfolk hadde ikkje same trongen i atterfødsle som italienarane, sidan dei såg Karl den store som eit høgdepunkt i si historiske utvikling. Desse vart snarare opptekne av at Bibelen skulle omsetjast omatt, og dette vart og gjort. Den førande humanisten i nordområda i denne tida er Erasmus frå Rotterdam, som gjorde ferdig ei ny omsetjing kring 1511. Samstundes påpeika han ei rekkje redaksjonelle feil i den katolske bibelen, og var slik med på å bane vegen for Martin Luther. Erasmus trudde òg det var naudsynt å restituere klassisk gresk og latin. Han sette då i gang ei ny type språkleg og historisk forsking. Andre viktige tyske humanistar er Johannes Reuchlin, Rudolf Agricola og Ulrich von Hutten. Frå Frankrike kan nemnast Michel Montaigne og frå England Thomas More.[2]

Den humanistiske ånda råka og Noreg og Danmark i tida etter 1560, og i Noreg førte dette til ei kulturhistorisk givnad i åra fram mot 1600, særleg i Bergen og Oslo. Dei førande humanistane her er Peder Claussøn Friis og Absalon Pederson Beyer i Bergen, og Hallvard Gunnarsson, Jacob Wolf og Jens Nilsson i Oslo. Desse skreiv for det meste på latin, men var opptekne av norsk historie, og sytte mellom anna for at Snorre Sturlason vart omsett til dansk.

Seinare humanistisk tenking[endre | endre wikiteksten]

En bevegelse, nyhumanismen, i slutten av 1700- og begynnelsen av 1800-tallet, innledet av den tyske arkeolog Winckelmann og med senere representanter som Herder, Schiller, Goethe og W. von Humboldt, kjempet for åndsfrihet, toleranse og humanitet.

I den tidlege fasen var humanismen eit vitskapleg prosjekt. Seinare gjekk tankeretninga i fleire ulike leier. «Nyhumanismen» frå sist på 1700- og byrjinga av 1800-talet heldt fram å påverke den meir menneske-orienterte delen av filosofien, særleg politisk filosofi. Dei nye humanistane arbeidde særleg åndsfridom, toleranse og humanitet. Såleis kan ein vanskeleg tenkje seg utforminga av menneskerettane utan den humanistiske arven. Den tyske arkeologen og kunsthistorikaren Johann Joachim Winckelmann er rekna som ein forløpar for denne humanismen, med arvtakarar som Herder, Schiller, Goethe og von Humboldt.[3]

Utover på 1800-talet tok ein til å skilja mellom livssynshumanisme og kristen humanisme. Henrik Wergeland er rekna som viktig for den siste retninga i Noreg. Livssynshumanismen har vore forvalta av Human-Etisk Forbund, som òg nyttar humanisme-omgrepet med stor omsut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tranøy, Knut Erik. «Humanisme» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 21. mai 2014.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Tranøy, Knut Erik. «Humanisme: livssyn som setter mennesket i sentrum» (29. oktober 2011), Store norske leksikon. Henta 21. mai 2014.
  3. Tranøy, Knut Erik. «Humanisme: En bevegelse» (29. oktober 2011), Store norske leksikon. Henta 21. mai 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Humanisme