Humanistisk konfirmasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Humanistisk konfirmasjon (fram til hausten 2005 kalla borgarleg konfirmasjon) er eit livssynshumanistisk kurs og seremoni arrangert av Human-Etisk Forbund for å markere overgangen frå barn til vaksen. Kurset har hovudfokus på livssyn og etikk, og målet er å oppmuntra til sjølvstendig tenking, etisk refleksjon og å styrkje dei humanistiske verdiane i samfunnet.

Kurset tek for seg tema som livssyn, menneskerettar, etikk, identitet, toleranse, samliv, rus og samfunnsansvar. Det blir avslutta med ein høgtideleg seremoni.

Dei fleste deltakarane ved humanistisk konfirmasjon fyller 15 år same året som dei konfirmerer seg. Forbundet har sidan 1997 kunna henta inn namne- og adresselister frå Det sentrale folkeregisteret over alle som er med i det aktuelle årskullet, og kan dermed senda brev for å invitera dei til å konfirmera seg humanistisk.

I 2006 deltok 10 581 ungdommar i humanistisk konfirmasjon over heile landet, dette utgjer 16,7 % av årskullet[1]. Humanistisk konfirmasjon blir arrangert over heile Noreg og er opent for alle. Ein treng altså ikkje vera medlem eller melda seg inn i Human-Etisk Forbund for eller ved å delta på humanistisk konfirmasjon.

Nemning[endre | endre wikiteksten]

Den første borgarlege konfirmasjonen blei gjennomført i Oslo i 1951, som eit alternativ til kristen konfirmasjon. «Konfirmasjon» var i norsk kulturhistorie tidlegare ei reint kristen nemning. Bruken av nemninga for ein ikkje-kristen seremoni har derfor vore omstridt. Frå humanetisk side har ein begrunna namnevalet slik:

«Fordi vi skulle finne navn på en verdslig konfirmasjonsordning. Den kirkelige konfirmasjon hadde allerede langt på vei vært en verdslig ordning gjennom flere hundre år. Konfirmasjon i kirken var nødvendig for å oppnå rent verdslige goder så som videre utdanning, arbeid og giftermål. Konfirmasjonen var pliktig for alle. Den gjaldt alle i samfunnet. Slik sett var kirkelig konfirmasjon hele tiden uttrykk for noe allment og verdslig. Alternative ungdomsfeiringer var forbudt. Det norsk folk fikk på denne måten aldri noe annet språklig uttrykk for markering av ungdomstiden enn nettopp ordet «konfirmasjon». Selvsagt er selve ordet «confirmare» god latin, og betyr å støtte, styrke, gjøre fast, bekrefte osv.»[2]

Namneskiftet frå borgarleg til humanistisk skjedde ved vedtak av Landsmøtet i Human-Etisk Forbund i september 2005, etter at ei overtyding om at ein burde sjå omgrepet humanistisk som eit synonym for human-etisk hadde vakse fram i forbundet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]