Humanitas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Humanitas (Menneskeleg), er eit omgrep som vart skapt av den romerske talaren og filosofen Cicero (Ad Familiares) for å gje eit bilete av korleis eit menneske skulle eigne seg danning. Cicero sjølv hadde omsett det greske ordet Philantropia (menneskevenleg).

Humanitas ligg tett opp mot eit anna danningsomgrep hjå Cicero: Cultura Animi. I klassisk tid kom dette til å kjenneteikne ein særleg filosofisk dygd, og nytta av Plinius den yngre.

I Renessansen tok Coluccio Salutati ordet til seg som grunnlag for humanismen som voks fram på denne tida. Første gongen dette skjedde var om lag 1369. Seinare vart ordet teken inn i tysk filosofi, (Humanität), og soleis nytta mellom anna av Johann Gottfried Herder, som nytta det om forbetring av mennesket. Tanken var at ein skulle oppnå Humanitas gjennom Studia Humanitatis eller Humaniora.

I dag finn ein ordet mellom anna i frimurarordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Cicero: Ad Familiares.