Humber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
River Hull tidal barrier 1.jpg

Humber er ein stor tidvasspåverka elvemunning, eller estuar, nordaust i England. Det startar ved Trent Falls, der elvene Ouse og Trent møtest. Rett før utløpet av Nordsjøen renner elva Hull inn i Humber.

I angelsaksisk tid var ho ei viktig grenseelv, som skilde Northumbria («nord for Humber») frå dei sørlege kongedøma. Ho markerer no grensa mellom East Riding of Yorkshire og Lincolnshire. Mellom 1974 og 1996 var området på begge sider av fjorden del av distriktet Humberside. Fjorden har gjeve namnet sitt til regionen Yorkshire og Humber, som ho renn gjennom.

Ved utløpet til Humber vart det i 1914 bygd to fort, Humberforta. Ei tredje festning, Fort Paull ligg lenger opp langs fjorden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]