Humboldtdukkpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Humboldtdukkpetrell
Humboldtdukkpetrell Foto: Roar Johansen
Humboldtdukkpetrell
Foto: Roar Johansen
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Humboldtdukkpetrell
Utbreiinga av Humboldtdukkpetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Dukkpetrellfamilien Pelecanoididae
Slekt: Dukkpetrellar Pelecanoides
Art: Humboldtdukkpetrell P. garnotii
Vitskapleg namn
Pelecanoides garnotii

Humboldtdukkpetrell, Pelecanoides garnotii, lokalt namn i Peru 'potoyunco peruano', er ein liten sjøfugl som er endemisk for farvatna i Perustraumen utanfor Peru og Chile.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

I likskap med dei tre andre artane av dukkpetrellar, er dette ein ubestemmeleg fugl, med ein mørk rygg, ei lys underside og blå føter, og dei kan skiljast frå resten av familien berre ved skilnader i nebbet og naseborene. I gjennomsnitt veg dei 239 gram[1], og dei har ei kroppslengd på rundt 22 cm.[2] I motsetnad til smalnebbdukkpetrell og kortnebbdukkpetrell beitar dei i kaldt, ofte pelagiske vatn, og tar små fiskelarver og planktoniske krepsdyr ved dukking. Storparten av fødeinntaket er plankton, frå 85,3 til 91,1 prosent. Den attverande delen av føda til humboldtdukkpetrellane er fisk, hovudsakleg ansjos. Humboldtdukkpetrellar kan dukke ned til over 80 meters djupne, men den gjennomsnittlege djupna har vore målt til rundt 30 meter. Ein trudde lenge at humboldtdukkpetrellar er heller dårlege flygarar. Likevel har ei stort mengd fuglar observerte i å fiske regelmessig i området mellom øyane Asia og Pachacamac ca. 150-200 kilometer nord for oppvekststadene på San Gallan og La Vieja ved Paracas-halvøya i Ica-regionen.

Humboldtdukkpetrell er lokalt utrydda på mange av dei tidlegare koloniane, og dei hekkar i dag berre på nokre få øyar. Den totale populasjonen er estimert til 25 til 28 000 individ,[2] nesten heile hekkebestanden hekkar på øyane San Gallan og La Vieja. I tillegg kjem nokre små ekstra hekkekolonier rapportert for Corcovado-øya nordvest for Chimbote i Peru, og dessutan Pan de Azucar-øya, Choros-øyane, Grande og Pajaros-øyane i Chile. Dei hekkar året rundt, legg eitt egg i ei hòle, ofte graven inn i guano, men dei kan òg grave i sandjord eller finne plass i fjellsprekkar.

Humboldtdukkpetrellar er vurderte som svært utryddingstrua. Bestanden var tidlegare stor, til dømes ca. 200 000 på Isla Chañaral, Chile i 1938,[2] men presset frå guanoutvinning, som øydelegg reir, egg og ungar, og fuglar blir fanga som mat både av guanoarbeidarar og av introduserte arter, og det har ført med seg eit katastrofalt fall i populasjonen. Sjølv om alle dei peruanske hekkeplassane er lokalisert i verneområde, held noko guanoutvinning framleis på, og vernet av denne arten er utilstrekkeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2012) Species factsheet, additional: Pelecanoides garnotii Arkivert 2012-10-17 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. mai 2012
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelecanoides garnotii. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. mai 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]