Hundespann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundespann med 10 hundar.

Hundespann er ein hundeførar og to eller fleire trekkhundar som er spana inn for å trekke vogn, pulk eller slede under hundekøyring.[1][2]

Nemninga «spann» kjem av det tyske ordet spannen, som tyder å spane for fleire enn eitt trekkdyr til ein reiskap, med mål om å trekkje reiskapen mellom to stader.[3] I eit hundespann er leiarhunden viktig både for rask framdrift og for styring.[1]

Hundar har vore nytta i fleire tusen år for å trekkja sledar.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «hundespann» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «hundespann» i Nynorskordboka.
  3. «spann» i Nynorskordboka.
  4. Proof of a 2,000 kilometre polar trade route in volcanic glass dating back at least 8,000 years, The Siberian Times, 6/6-2020.
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.