Hurghada
| Hurghada, الغردقة | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Guvernement |
Egypt Al-Bahr al-Ahmar |
| Geografi | |
| Innbyggjarar[1] - By (2006) |
160,746 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | +2 (UTC) |
Hurghada, (arabisk: الغردقة - El Ġardaqa), er ein by i Egypt. Byen ligg på vestkysten av Raudehavet og er hovudstaden i guvernementet Al-Bahr al-Ahmar. Hurghada lever hovudsakleg av turisme.
Næringsliv [endre]
Dei store turistattraksjonane i byen er strendene langs Raudehavet og korallreva. Her finst også gode høve til snorkling og dykking. Ikkje langt frå Hurghada-kysten ligg det fleire koralløyar. Nord, aust og sør for byen er det hovudsakleg ørken, og byen har då også eit varmt ørkenklima.
I Hurghada finst det i dag ei rekkje hotell, og hotella eig størsteparten av strendene langs kysten. I tillegg finst her kjøpesenter, basargater og internasjonal flyplass. Byen har vegsamband nordover mot Kairo og Suez og sørover mot grensa til Sudan. Ferjesamband mellom Hurghada og Sharm el-Sheikh, [1] samt mellom Hurghada og Sinaihalvøya. [2]
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Hurghada»