Huronsjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Huronsjøen | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | På grensa mellom Canada og USA |
| Koordinatar | |
| Type innsjø | Glasial |
| Tilsig | St. Marys River |
| Utsig | St. Clair River |
| Tilknytte land | Canada og USA |
| Største lengde | 332 km |
| Største breidde | 245 km |
| Overflateareal | 59 596 km² |
| Middeldjupne | 59 m |
| Største djupne | 229 m |
| Vassvolum | 3 540 km³ |
| Hydraulisk opphaldstid | 22 år |
| Kystlengd1 | 6 157 km |
| Høgd over havet | 176 m |
| Øyar | Manitoulin |
| Busetnadar | Saginaw Bay City Alpena Cheboygan St. Ignace Port Huron Goderich Sarnia |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Huronsjøen (engelsk Lake Huron) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Han er den nest største av desse sjøane, og den tredje største ferskvatn-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 59 600 km² og inneheld 3 540 km³ vatn. Største lengde og breidde er 332 og 245 kilometer. Gjennomsnittsdjupna er 59 meter og største djup er 229 meter.
Huronsjøen inneheld den største øya i nokon innsjø i verda. Manitoulinøya skil den nordre kanalen og den georgiske bukta frå resten av sjøen.
Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.