Hurricane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om Bob Dylan-songen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hurricane (fleirtyding).
Hurricane
Singel av Bob Dylan
frå albumet Desire
B-side

"Hurricane (Part II)"

Utgjeve november 1975
Innspelt juli – oktober 1975
Sjanger Folkrock, protestsong
Lengd 8:33
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan, Jacques Levy
Produsent Don DeVito og Don Meehan
Bob Dylan-kronologi 
«Tangled Up in Blue»
(1975)
Hurricane «Mozambique»
(1976)


«Hurricane» er ein protestsong av Bob Dylan skriven i lag med Jacques Levy, om fengslinga av Rubin «Hurricane» Carter. Songen hevda at Carter vart uskuldig dømd fordi han var mørkhuda.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rubin Carter var tidlegare ein boksar i verdsklasse. Dylan vart inspirert til å skrive songen etter å ha lese sjølvbiografien til Carter, The Sixteenth Round, som Carter sende han fordi han Dylan tidlegare hadde vore aktiv i borgarrettskampen.

Carter og John Artis hadde vorte tiltalt for eit trippelmord i Lafayette Grill i Paterson i New Jersey i 1966. Carter og Artis vart dømd for morda, som vart omtalt som rasistisk motiverte, og begge vart dømde til fengsel på livstid. I åra som følgde dukka det opp mange kontroversielle faktorar om saka, frå påstandar om falske bevis og tvilsame augevitne som gav ein urettferdig rettssak. I sjølvbiografien hevda Carter at han var uskuldig og historia hans gjorde at Dylan vitja han i Rahway State Prison i Woodbridge Township i New Jersey.

Dylan hadde tidlegare skrive balladar som «The Lonesome Death of Hattie Carroll» og «The Death of Emmett Till», men i følgje Jacques Levy var han usikker på om han kunne skrive ein slik song. Etter møtet starta Dylan å skrive «Hurricane» i ein «cinematisk» stil. Songen var ein av Dylan sine få protestsongar på 70-talet go var den fjerde mest suksessrike singelen hans dette tiåret. Songen nådde 33. plass på Billboard-lista i USA[2] og 43. plass i Storbritannia.

Kontrovers og nyinnspeling[endre | endre wikiteksten]

Dylan måtte spele inn songen på nytt med noko endra tekst etter at advokatane i Columbia meinte at referansane til at Alfred Bello og Arthur Dexter Bradley stal frå lika kunne føre til søksmål. Verken Bello eller Bradley vart nokon gong skulda for å ha gjort dette. Sidan det var for mykje lydlekkasje til at berre denne tekstlinja kunne endrast, måtte Dylan spele inn heile songen på ny. På dette tidspunktet var Dylan alt i gang med øvingane til den komande turneen og tok med seg musikarane frå Rolling Thunder Revue i studio og spelte inn ein ny, raskare utgåve av «Hurricane». Sjølv om dei mest støytande tekstlinjene var borte, førte songen likevel til søksmål. Augevitnet Patricia Graham Valentine saksøkte Dylan, men søksmålet vart avvist i retten.[3][4]

Teksten var framleis kontroversiell, og mange kritiserte songen for å ikkje nemne den kriminelle historia til Carter og det valdelege temperamentet hans. Hausten etter spelte Dylan og the Rolling Thunder Revue ein støttekonsert for Carter i Madison Square Garden i New York City. Året etter heldt dei ein ny støttekonsert i Houston Astrodome.[5] Carter og Artis fekk ei ny rettssak men vart dømd på ny i 1976. I 1985 avgjorde ein dommar at Carter ikkje hadde fått ei rettferdig rettssak og hadde tiltalen hadde vore basert på rasisme i staden for skjellige grunnar og hemmeleghald i staden for framlegge bevis. Carter vart dermed sleppt fri.[1]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av Ani DiFranco og Milltown Brothers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]