Hurrungane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hurrungane
Store Austanbotntind (venstre), Store Ringstind og Soleitindane sett frå Store Skagastølstind
Store Austanbotntind (venstre), Store Ringstind og Soleitindane sett frå Store Skagastølstind
Høgd over havet Store Skagastølstind (2405 moh)
Ligg i/på Noreg Sogn og Fjordane i Noreg
Fjellkjede Jotunheimen
Koordinatar 61°27′N 07°51′EKoordinatar: 61°27′N 07°51′E

Hurrungane (eller Hurrungene, Hurrungadn, Horungane) er eit fjellområde på grensa mellom Luster og Årdal kommune i Sogn og Fjordane. Området ligg sørvest i Jotunheimen, og inkluderer Skagastølstindane, Styggedalstindane, Dyrhaugstindane, Maradalstindane, Austanbotntindane, Soleibotntindane med fleire.

Området har mange av dei villaste toppane i Noreg og 23 toppar over 2000 moh. (med primærfaktor på 30 m eller meir). Mange av toppane kan ein berre nå med fjellklatring eller vandring på bre, men det finst òg nokre som ikkje gjer det.

Hurrungane har daler som i hovudsak går nord-sør. Dei største dalane er Skagadalen, Ringsdalen, Gravdalen, Stølsmaradalen, Midtmaradalen, Maradalen. Hurrungane er grovt sett avgrensa av Utladalen mot sør og aust, av Helgedalen og Bergsdalen mot nord og Berdalsbandet mot vest.

Ei rekkje mindre, alpine isbrear ligg i området. Dei største er Jervvassbreen, Styggedalsbreen, Skagastølsbreen, Ringsbreen, Berdalsbreen, Stølsmaradalsbreen, Midtmaradalsbreen, Slingsbybreen og Maradalsbreen. I tillegg finst det fleire mindre botnbrear.

Hurrungane sett frå Fannaråki. Foto: Bernt Marius Johnsen

Friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Eit vanleg utgangspunkt for turar i Hurrungane er Turtagrø, 884 moh, ved riksveg 55 nord for Hurrungane. Her ligg Turtagrø hotell, eit hotell med lange tradisjonar som samlingsstad for fjellsport og klatring. På Turtagrø er det høve til å leige fjellførar frå Norgesguidene for å nå toppar i området.

DNT har to hytter i området: Skagastølsbu, ei nødbu, 1758 moh., kjent som «Hytta på Bandet» og Stølsmaradalen, 845 moh. Ein merkt sti går frå Turtagrø gjennom Skagadalen opp til Bandet.

Fjell i Hurrungane[endre | endre wikiteksten]

Dei høgaste toppane i området er

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hurrungane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]