Hurum kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hurum kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0628
Fylke Buskerud
Adm.senter Klokkarstua
Areal 163 km²
Folkemengd 9 170 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Monica Vee Bratlie (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.hurum.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0628.svg
Hurum kommune på Commons

Hurum er ein heradskommune i Buskerud. Kommunen ligg på halvøya Hurumlandet mellom Oslofjorden og Drammensfjorden, og grensar til Røyken kommune i nord. Administrasjonssenteret Klokkarstua ligg i innlandet, i Sandungsdalen, medan dei fleste andre tettstadane i kommunen, som Sætre, Tofte, Filtvet og Holmsbu, ligg langs kysten. Verd å nemne er òg plassen Verket, rett vest for Klokkarstua. Han er ei istidsavsetting som mesten stengjer Drammensfjorden.

Rundt 100 km² av flatevidda er produktiv skog, medan rundt ein tidel av landet vert nytta til jordbruk. Den 63 kilometer lange kystlina til kommunen har ein kyststi for turgåarar.

Innhaldsliste

Industri [endre]

Den industrielle revolusjonen kom tidleg til Hurum, først med eit glasverk som vart bygd på slutten av 1700-talet. Nå har kommunen fleire hjørnesteinsverksemder, som Dyno Industrier, Norske Skogindustrier A/S, og Tofte Industrier.

Kommunikasjon [endre]

Hurum har lenge trekt til seg sommarturistar, men i den siste tida har folk utanfrå òg busett seg der fordi det er mogleg å pendla frå Hurum til storbyane Drammen og Oslo. Ein tunnel under Oslofjorden til Drøbak har gjort han betre tilgjengeleg.

I 1988 vedtok Stortinget å byggja hovudflyplass for Austlandet i kommunen, men dette vart omgjort i 1990 på grunn av risiko for skodde i området, og flyplassen vart i staden lagt til Gardermoen.

Øyar [endre]

Langs Hurumkysten finn ein òg fleire øyar og holmar med ein særskild flora og geologi. Fleire av desse er freda. Ei av øyane er Mølen, ein av dei få stadane i Noreg der det veks misteltein.

Flora og fauna [endre]

Hurum har kystbarskog, og innimellom åker- og kulturlandskap i indre strøk er det blandingsskog med lauvtrær og mykje gran. Av sjeldnare arter kan nemnast misteltein (i sør), vårmarihånd og vårkrossknapp.

Faunaen er dominert av den søraustnorske lauvskogens habitat, med rådyr, noko elg, hare, grevling og ulike gnagarar. Fuglelivet har tatt seg opp. Det hekkar mellom anna hegre, knoppsvane, ærfugl, strandsnipe og gråspett i Hurum. Det er også noko ål, knurr og sjøaure i sjøen langs kysten.

Verd å vitja [endre]

Kjende Hurumbuar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Fotnotar [endre]