Hurumlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurumlandet mellom Drammens- og Oslofjorden. (Illustrasjon: Finn Bjørklid)

Hurumlandet er halvøya mellom Oslofjorden og Drammensfjorden. Ho er ein del av Asker kommune og Akershus fylke og inneheld tettstadane Slemmestad, Bødalen, Røyken, Midtbygda, Nærsnes, Båtstø, Åros, Sætre, Storsand, Filtvet, Tofte, Kana, Rødtangen, Holmsbu, Klokkarstua, Verket, Gjerdal og Hyggen.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Hurum har kystbarskog, og innimellom åker- og kulturlandskap i indre strøk er det blandingsskog med lauvtrær og mykje gran. Av sjeldnare arter kan nemnast misteltein (i sør), vårmarihånd og vårkrossknapp.

Faunaen er dominert av den søraustnorske lauvskogens habitat, med rådyr, noko elg, hare, grevling og ulike gnagarar. Fuglelivet har tatt seg opp. Det hekkar mellom anna hegre, knoppsvane, ærfugl, strandsnipe og gråspett i Hurum. Det er også noko ål, knurr og sjøaure i havet langs kysten.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.