Huseby i Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Huseby er ein bydel sørvest i Trondheim som grensar til Flatåsen i nord, Kolstad og Saupstad i aust og Bymarka i sør og vest. Namnet kjem frå eit gamalt gardsbruk i området som no vert nytta til andre føremål.

Bydelen er i all hovudsak eit bustadområde med rekkjehus og einebustader. Huseby barnehage ligg på Huseby slik namnet tilseier, medan Huseby skole, Husebyhallen og Husebybadet ligg på Saupstad.

Bustadområda på Huseby heiter:

  • Husebyvegen
  • Nordre Husebytun
  • Søndre Husebytun
  • Vestre Husebytun
  • Nordbakken
  • Husebyhøgda

Huseby ligg administrativt i Heimdal bydel. Før kommunesamanslåinga i 1964 var området ein del av Leinstrand kommune.