Husevågøy

Koordinatar: 61°54′35″N 5°02′48″E / 61.9096°N 5.0468°E / 61.9096; 5.0468
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husevågøy
Husevåg Foto: Svein-Magne Tunli
Husevåg
Foto: Svein-Magne Tunli
Geografi
Stad Nordfjord
Koordinatar 61°54′35″N 5°02′48″E / 61.9096°N 5.0468°E / 61.9096; 5.0468

Areal 9,3 km²

Høgaste punkt Krabbestighelda (330 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 74 (2001)
Folketettleik 8,0 /km²

Husevågøy er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Øya ligg ytst i Nordfjord, mellom Bremangerlandet og øya Vågsøy og har eit areal på 9,3 km² og om lag 70 innbyggjarar. Den største busetnaden på staden er Husevåg med omlag 30 innbyggjarar. Det er ferjesamband med Måløy og Oldeide. Namnet kjem av gardsnamnet Husevåg. Det viser til bustadhus i vågen, og at andre vågar i nærleiken mangla dette.

Frå gamalt av var det ein enkel bygdeveg gjennom sjølve grenda Husevåg. I 1975 vart det bygd veg Ramsevik-Tytingvåg-Krabbestig. I 1989 vart det bygd veg over fjellet frå Husevåg til Ramsevik. Tanken var å halde fram med vegen heilt fram til ferjekaia ved Våganeset, men denne siste stubben kom ikkje før i 1992.

Fotogalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]