Huskapellan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein huskapellan (og kalla personel(l) kapellan eller Capellan pro loco) er ei gammal nemning for ein hjelpeprest. Mange prestar starta yrkeskarrièra si som huskapellanar.

Trondhjems reformats fastette løna for personellkapellanar i Trondhjems stift til mellom 8 og 14 riksdalar for året, avhengig av tenestestad, i tillegg til fri kost og losji. Dersom soknepresten eller ein residerande kapellan ville ha ein huskapellan, måtta han betale denne av eigen lomme.

Løna var rekna for tilstrekkeleg så lenge huskapellanen ikkje stifta familie.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]