Husky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sibirsk husky
Foto: Richard Bartz
Grønlandshund
Foto: sannse

Husky er ofte brukt som ei samnemning på polare hunderasar nytta som trekkhundar, og som ei samnemning for inuitthundar, men det blir òg brukt som rasenemning på sibirsk husky eller alaska-husky. Ordet blir i engelsk brukt adjektivisk for å skildre noko eller nokon som er (stort) kraftig/solid bygd. Ordet kan vera ei avleiing av ordet eski(mo), og det blir soleis etymologisk korrekt å kalle alle inuitthundar «husky».[1]

Huskyen kjem opphavleg frå nordområda mellom Tsjuksjerhalvøya på vestsida av Beringstredet og austover til og med Grønland. Rasar med registreringssystem og raseklubbar frå dette området er, frå vest mot aust, sibirsk husky, alaskan malamute, kanadisk inuithund og grønlandshund. Av desse manglar kanadisk inuitthund internasjonal rasegodkjenning av FCC. I tillegg er det ei mengd andre uregistrerte typar polarhund/husky, nokre av dei truleg av opphavleg type som la grunnlaget for dei noverande rasane, nokre meir oppblanda ved innførsel av anna blod.

Den mest kjende uregistrerte typen husky er alaska-husky, opphavleg basert på nordlege indianarhundar med innblanding av inuitthundar som dei fire registrerte rasane. I dag er denne hundetypen òg prega av sterk innblanding av fuglehundar, da særleg pointer, men òg andre rasar. Av somme i trekkhundmiljøet blir framleis desse omtala som alaska-husky, av andre som kvartingar, åttandedelingar osb. etter graden av innblanding av nytt blod. I USA vil ein kunna høyre uttrykk som Pure Athabascan Breed om alaska-husky av meir opphavleg type, av di det ofte ikkje blir skild mellom eldre og nyare typar når nemninga alaska-husky blir nytta. Athabasc spelar da på språket som blir snakka mellom indianarar i Alaska og vestlege delar av Canada i motsetnad til Algonquin aust i Canada.

Når det blir sagt at alaska-husky er ein uregistrert rase, er dette ei sanning med modifikasjonar. Det finst ingen raseklubb eller skrivne reglar for avl, men trekkhundmiljøet er stort og internasjonalt, og det blir drive eit nitidig arbeid for å avle fram best mogleg hundar til ulike føremål som sprint, mellomdistanse og langdistanse. Det blir òg drive arbeid med registrering av trekkhundar gjennom ei norsk nettside stamtavla Arkivert 2017-05-24 ved Wayback Machine.som etterkvart er vorten mykje brukt internasjonalt, særleg etter Robert Sørlies fyrste iditarodsiger i 2003. Føremålet med dette arbeidet er ikkje å halde ein rase «rein», men snarare å kartlegge eigenskapar i samband med avl og sal av trekkhundar, da særleg alaska-husky og blandingar av denne.

På distansar over nokre få mil er det ingen pattedyr, korkje tamme eller ville, som kan halde farten til eit huskyspann.

Gemyttet er ikkje eins på desse polare hunderasane, men ein fellesnemnar er at det særs sjeldan blir vist agressivitet høve til menneske, og at vaktinstinktet er lite framtredande. Elles er hovudregelen at dei store inuitrasane som malamute er meir krevjande enn alaska-husky når hundehaldet blir stort. Dette av di inuithundane ofte er meir eigenrådige og har lettare for å slåst innbyrdes enn alaska-husky. Sistnemnde kan gjerne køyrast i spann opptil 20 hundar eller luftast i luftegard med like mange hundar utan at det treng oppstå konfliktar.

I trekkhundmiljøet er det ei utbreidd haldning at det er skadeleg for huskyen som trekkhund med raseregistrering, raseavl og eksteriørdømming, dette av di det da gjerne vil bli fokusert på heilt andre eigenskapar enn arbeidslyst, arbeidsevne og gemyttet som er vesentleg for at hundane skal fungere i store spann. I det norske polarhundmiljøet dvs. raseklubbane Norsk Polarhudklubb og Norsk Siberian Huskyklubb derimot, blir det lagt meir vekt på eksteriør og rein rase.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Webster's Encyclopedic Unabridged Dictionary of the English Language