Husmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Husmann er ei nemning på ein jordbrukar som leigde eit ikkje særskilt matrikulert (skattlagt) jordstykke av ein gardbrukar. Som motyting måtte husmannen arbeida for gardeigaren, eller betala leige, eller begge delar.

Husmenn utan arbeidsplikt var meir vanleg på Vestlandet ("bygselshusmenn"), og stod sosialt sterkare enn arbeidshusmennene på Austlandet. Tilhøvet mellom gardeigaren og humannen kunne verta regulert i ei husmannskontrakt. Om jordstykket (husmannsplassen) var stort nok til å leva av, kunne husmannen verta kalla "husmann med jord". Ein "husmann utan jord" leigde berre eit lite jordstykke, stort nok til å bu på. Ein husmann som berre leigde hus nedmed sjøen vart kalla "strandsitjar". Ein husmann måtte ofte ha anna arbeid for å klara seg, til dømes innan fiskeri eller handverk. Husmannsvesenet i Noreg utvikla seg frå 1600-talet, og hadde ein topp midt på 1800-talet. Husmenn hadde ikkje røysterett før allmenn røysterett for menn vart innførd i 1898.

I 1928 kom det ei lov som gav husmennene rett til å kjøpe tomta som huset deira stod på [1] og utover første halvdel av 1900-talet vart husmannsvesenet avvikla. Dei husmennene som var att på landsbygda, og som ikkje hadde fare derifrå og vorte anleggs- eller industriarbeidarar, fekk då kjøpe ut husmannsplassen og omgjorde han til sjølvstendig småbruk. Det var framleis i mange bygder sosiale og andre skilje mellom (større) bønder og småbrukarar. Skiljet mellom "gard" og "småbruk" kunne i somme bygder gå på om jordbrukaren hadde hest eller ikkje.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bønder og humenn', verdsarvfjord.no. (vitja 28/3-2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]