Husqvarna Group

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husqvarna Group


Husqvarna museum Sjå dette på Wikidata
Org.formAktiebolag
Svensk orgnr.556000-5331
BransjeMaskinteknikk
Skipa1689
HovudkontorHuskvarna
LandSverige
Produkthagebruksreiskap
Nettstadhttps://www.husqvarnagroup.com (engelsk)
Husqvarna-fabrikken i Huskvarna.

Husqvarna Group er eit svensk føretak som produserer motorsager, steinsager, minitraktorar, grasklipparar, o.l.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Husqvarna 500 cc konkuransesykkel, frå 1935.

Husqvarna Vapenfabriks AB tok til å produsera gevær i 1689. I perioden 1978 til 2006 var Husqvarne eit dotterselskap under Electrolux, men har frå 2006 vore eit sjølvstendig aksjeselskap.

I perioden 1896 til 1963 produserte Husqvarna trøsyklar. I perioden 1903 til 1986 produserte dei motorsyklar, og var spesielt kjende for terrengmotorsyklane sine. Dei produserte mellom anna motorsyklar med autmatgir for det svenske forsvaret. I 1965/66 gjekk Husqvarna og Monark-Cresent inn ein avtale, der dei vart samde om at Husqvarna skulle ta over motorsagproduksjonen til Monark-Cresent, mot at Monark-Cresent tok over produksjonen av påhengsmotorar og syklar frå Husqvarna, men Husqvarna heldt fram med å produsera mopedar fram til 1967[1]. I juni 2007 køpte BMW Motorrad rettane til motorsykkelmerket Husqvarna, og i 2013 overtok det austerrikske føretaket Pierer retten til varemerket Husqvarna for motorsyklar. Husqvarna har òg produsert vedomnar og kjøleskap.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Husqvarna har mange fabrikkar og lagar mange forskjellige produkt.

Motorsager[endre | endre wikiteksten]

Husqvarna motorsag.

Husqvarne tok til å produsera motorsager i 1958, då dei kom på marknaden med modellen Alska I, som det vart laga berre 100 av.[1] I 1950 kom A90, som hadde direktedrift. Seinare kom det mange forbetra modellar. Motorsagprodusenten Johnsereds, som i perioden 1979 til 2006 var eit dotterselskap under Electrolux, er no ein del av Husqvarna, og i dag produserer Husqvarna motorsager som dei sel under varemerka Husqvarna og Jonsereds. Det vert òg produsert ryddesager. I 1970 kjøpte Husqvarna Tandsbys mekaniska verkstad, som produserte motorsager og ryddesager under varemerket «Companion».

Hagemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Husqvarne produserer minitraktorar, grasklipparar, grastrimmarar, hekksakser, lauvblåsarar, jordfresarar, snøfresarar, osb.

Steinsager[endre | endre wikiteksten]

Husqvarne ein storprodusenet av ulike steinsager.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jensen, A., Motorsager i Norge, Arnulf Jensen, 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]