Hvaler kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hvaler)
Gå til: navigering, søk
Hvaler kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0111
Fylke Østfold
Adm.senter Skjærhalden
Areal 87 km²
Folketal 4 232 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Eivind Norman Borge (FrP)
Målform Bokmål
Nettstad www.hvaler.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0111.svg
Hvaler kommune på Commons

Hvaler er ein kommune sørvest i Østfold fylke, ytst i Oslofjorden. Hvaler er ein øykommune som ligg på austsida av fjorden, sør for Fredrikstad. Kommunen vert utgjort av 833 øyar, holmar og skjér (alle over 20 m²). Største tettstad er kommunesenteret Skjærhalden, som ligg på Kirkeøy. Frå Skjærhalden til Fredrikstad er det om lag 28 km. Om sommaren mangedoblast innbyggjartalet om ein reknar med alle hyttegjestene. Den største primærnæringa er fiskeri (i 1990 var 8 % av 1452 yrkesaktive innan fiske). Største hamn på Hvaler er Utgårdskilen, som er den største fiskehamna aust for Lindesnes.

Kommunen har riksvegsamband (riksveg 108) til Fredrikstad. Sambandet vart bygd ferdig med fyllingar og bruer frå fastlandet til Asmaløy i 1971, og tunnel (3755 m lang, 120 m djup) under sundet Løperen vidare til Kirkeøy i 1989. Det er båt- og ferjesamband frå Skjærhalden til Nordre Sandøy, Søndre Sandøy, Herføl og Lauer, og rutebåt til Strömstad i Sverige.

[endre] Større øyar og øygrupper

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Fotnotar

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk