Hvaler kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hvaler kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Skjærhalden
Areal 90,12 km²
 - land 90,06 km²
 - vatn 0,06 km²
Folketal 4 787  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Mona Vauger (Ap)
Kommunenr. 3110
Kart
Hvaler
59°3′ N 11°0′ E
Wikimedia Commons: Hvaler
Nettstad: www.hvaler.kommune.no

Hvaler er ein kommune sørvest i Østfold fylke, ytst i Oslofjorden. Kommunen vert utgjort av 833 øyar, holmar og skjer (alle over 20 m²). Største tettstad er kommunesenteret Skjærhalden, som ligg på Kirkøy. Frå Skjærhalden til Fredrikstad er det om lag 28 km. Om sommaren mangedoblast innbyggjartalet om ein reknar med alle hyttegjestene. Den største primærnæringa er fiskeri (i 1990 var 8 % av 1452 yrkesaktive innan fiske). Største hamn på Hvaler er Utgårdskilen, som er den største fiskehamna aust for Lindesnes.

Kommunen har riksvegsamband (riksveg 108) til Fredrikstad. Sambandet vart bygd ferdig med fyllingar og bruer frå fastlandet til Asmaløy i 1971, og tunnel (3755 m lang, 120 m djup) under sundet Løperen vidare til Kirkøy i 1989. Det er båt- og ferjesamband frå Skjærhalden til Nordre Sandøy, Søndre Sandøy, Herføl og Lauer, og rutebåt til Strömstad i Sverige.

Større øyar og øygrupper[endre | endre wikiteksten]

Folk frå Hvaler[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]