Hvalfjörður

Koordinatar: 64°23′N 21°40′W / 64.383°N 21.667°W / 64.383; -21.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hvalfjörður
fjord
Land  Island
Del av Faxaflói
Kart
Hvalfjörður
64°18′04″N 21°51′41″W / 64.301153°N 21.861428°W / 64.301153; -21.861428
Wikimedia Commons: Hvalfjörður

Hvalfjörður ('Kvalfjorden') er ein fjord vest på Island mellom Mosfellsbær og Akranes. Fjorden er om lag 30 km lang og 5 km brei.

Namnet Hvalfjörður kjem av dei mange kvalane som finst her. Fram til 1980-åra låg ein av dei største kvalstasjonane på Island i fjorden. Tidlegare låg det òg mange sildefiskeri her.

Hvalfjörður
Botnsdalur sett frå Hvalfjörður

Under den andre verdskrigen låg det ein marinebase for den britiske og den amerikanske marinen i fjorden. Eit av kaianlegga som vart bygd av den amerikanske marinen vart seinare nytta av kvalselskapet Hvalur fram til kommersiell kvalfangst vart nedlagd i åttiåra.

Fram til seint på 1990-talet måtte reisande med bil ta ein lang omveg 62 km rundt fjorden for å kome seg frå Reykjavík til byen Borgarnes. I 1998 opna tunnelen Hvalfjarðargöngin, som gjorde reisa mykje kortare. Tunelen er om lag 5,7 km lang og kuttar reisetida med bil rundt fjorden med om lag ein time. Tunnelen går til eit djup på 165 meter under havoverflata.

Reisande mistar derimot ein del vakker natur på vegen. Innerst i fjorden finn ein ei blanding av vulkanske fjell og grøn vegetasjon om sommaren. Ved Botnsá kan ein t.d. sjå lupinar, forskjellige andre blomar og mose, i tillegg til ein liten skog av bjørk og bartre. Denne skogen er planta, eit prosjekt som har pågått på Island i nokre år.

Turen til det høgaste fossefallet på Island, Glymur, startar frå botn av fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

64°23′N 21°40′W / 64.383°N 21.667°W / 64.383; -21.667